Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane

Klikk for stort bilete

Regjeringa vidarefører dei fleste smitteverntiltaka som blei innført tidlegare i januar, basert på råd fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, men gir lettingar for barn og unge.

    Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane.

    - Vi har heldigvis lågt smittepress i kommunen vår, men vi følgjer dei nasjonale anbefalingane og reglane frå regjeringa. Eg er glad for å sjå at det er tatt omsyn til barn og unge i dei nye nasjonale anbefalingane. Det er godt - og ikkje minst viktig - å endeleg kunne opne for normale fritidsaktivitetar for dei under 20 år igjen, seier ordførar Trine Lindborg. 

    Kva betyr dette?

    Sjå oversikt over alle dei nasjonale reglane og anbefalingane

    Dette er hovudendringane i høve til 4. januar:

    • Gult nivå for smittevern i ungdomsskular og vidaregåande skular. Her kan du sjå kva dette inneber for skulane. 
    • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt igjen, både ute og inne. Dette inkluderer Ung Arena. Dei kan òg få unntak frå anbefalinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten. For barn og unge kan ordinær treningsaktivitet internt i klubbar, lag og foreiningar derfor bli gjennomført, men kampar, cupar, stemne osb. må framleis utsetjast.
    • Anbefaling om å unngå besøk heime blir ikkje vidareført. Det betyr at vi igjen kan ha inntil 5 gjester i tillegg til dei som allereie bur saman, men alle bør framleis avgrense sosial kontakt.
    • Dei fleste private samlingar og ulike arrangement bør framleis bli utsette eller avlyste. Dersom det ikkje er mogleg, gjeld følgande reglar: For private samlingar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokale, er grensa inntil 10 personar. Dersom den private samlinga er utandørs, er grensa no 20 personar. For arrangement er det ingen endringar i reglane for tal på personar.
    • Serveringssstader kan skjenke alkohol i samband med matservering. Gjester kan sleppe inn til og med klokka 22. Skjenkestopp ved midnatt. Dette trer i kraft natt til fredag 22. januar.

    Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden har i tillegg gjort følgande lokale vedtak:
    Vaksenopplæringa i Bjørnafjorden held fram med raudt nivå til og med 28.01.21. Vaksenopplæringa har tilreisande elevar frå ulike kommunar. Det er vaksne elevar med stor mobilitet mellom kommunegrensene, og difor vanskelegare å ha kontroll med smitte. KKL gjer ny vurdering i møte 28.01.2021.

    Sjå også:

    Informasjon om besøk til sjukeheimane våre

    Til toppen