Har du spørsmål om korona? Ring smitteverntelefonen

Klikk for stort bileteHar du spørsmål om lokal koronatesting, karantene og smitteverntiltak? Ring smitteverntelefonen for Bjørnafjorden på telefon 56 57 57 57.

Ring smitteverntelefonen i Bjørnafjorden

Bjørnafjorden kommune har etablert ein smitteverntelefon. Her svarar helsepersonell på spørsmål kring lokal koronatesting, karantene, stenging, hygiene og andre smitteverntiltak i samband med koronautbrotet.

Telefon 56 57 57 57
E-post:smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Opningstider:
Måndag–fredag kl. 15–16
Laurdag–søndag: Stengt

Trur du at du kan vere smitta av koronavirus?

Vi testar alle innbyggarar med mistenkt covid-19.

Ved akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller tung pust, ta kontakt med fastlegen din for tilvising til koronalegevakta. Er det helg, ring legevakta på telefon 116 117.
Har du berre lette forkjølingssymptom eller sår hals, vent heime i to døgn. Dersom symptoma ikkje går over, ta kontakt med fastlegen for vurdering av koronatesting.

Uavhengig av om du har blitt testa for korona eller ikkje, gjeld desse råda:

  • Viss du er sjuk, hald deg heime. 
  • Viss du er sjuk og treng legehjelp, eller har behov for individuell helserådgiving, kontakt fastlege på telefon eller elektronisk. Fleire legekontor tilbyr elektronisk konsultasjon. Fastelegen din vil vurdere om du skal visast til koronalegevakta i Bjørnafjorden kommune.
  • Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117.
  • Ved livstrugande sjukdom eller skade - ring 113.

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak.
Du kan òg ringe den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015.  Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19.

Lokal informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden kommune finn du på samlesida bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

Karantene og isolasjon

Informasjon om kven som skal vere i karantene/isolasjon og kva dette inneber.

Her finn du råd på 22 språk til personar i heimekarantene og heimeisolasjon

Til toppen