Har du spørsmål om smittevern?

Klikk for stort bilete

Ring den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015. Du kan òg ringe vår lokale smitteverntelefon på 56 57 57 57 (kl. 15-16, måndag-fredag)

 

Treng du å bli testa for korona?
Sjekk her om Folkehelseinstituttet anbefaler at du testar deg.
Vi testar alle innbyggarar ved mistanke om covid-19.

Bestill time på nett

Du kan òg bestille time på telefon 475 08 412. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag og søndag kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Har du akutt luftvegsinfeksjon og treng legetilsyn?
Ring fastlegen din for vurdering/tilvising til koronalegevakt. Dersom fastlegen er stengt, ring legevaktsentralen på telefon 116117.

Har du generelle spørsmål om smittevern?
Ring den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015. Du kan òg ringe vår lokale smitteverntelefon på 56 57 57 57 (kl. 15-16, måndag-fredag).

Uavhengig av om du har blitt testa for korona eller ikkje, gjeld desse råda:

  • Viss du er sjuk, hald deg heime. 
  • Viss du er sjuk og treng legehjelp, eller har behov for individuell helserådgiving, kontakt fastlege på telefon eller elektronisk. Fleire legekontor tilbyr elektronisk konsultasjon. Fastelegen din vil vurdere om du skal visast til koronalegevakta i Bjørnafjorden kommune.
  • Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117.
  • Ved livstrugande sjukdom eller skade - ring 113.

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak.
Du kan òg ringe den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015.  Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19.

Lokal informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden kommune finn du på samlesida bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

Karantene og isolasjon

Informasjon om kven som skal vere i karantene/isolasjon og kva dette inneber.

Her finn du råd på 22 språk til personar i heimekarantene og heimeisolasjon

Til toppen