Dette er manus i videoane
Isolasjon:
• Du skal ikkje gå ut av heimen, men kan opphalde deg i eigen hage eller på eigen balkong
• Du må få hjelp av andre til å handle
• Hold minst 1 meter avstand til dei du bur saman med
• Du må bruke munnbind heime for å unngå å smitte andre i familien
• Om mogeleg, bruk eige soverom og bad. Bruk eigne baderomsartiklar, som for eksempel handkle.
• Ring legen din eller ambulanse om du blir veldig sjuk
• Vask heimen din ofte og særleg overflater som vask, toalett, dørhandtak og kjøkkenbenk. Klede og sengetøy leggast rett i vaskemaskina og vaskast på minimum 60 grader.
• Dei du bur saman med, må vaske hendene ofte
• Dei du bur saman med, skal vere i karantene
Karantene:
• Når ein er i karantene kan ein ikkje gå på jobb, eller skule. Dette gjeld også for barn.
• Du må få andre til å handle mat til deg
• Du kan gå ut korte turar, men hald minst 1 meters avstand til andre