Isolation and quarantine: Videos, sound clips and fact sheets in several different languages

Klikk for stort bileteInformasjon frå FHI på arabisk. FHI Watch and listen to important information in different languages.

Sjå - og del gjerne - viktig informasjon på ulike språk. Lenker til filmane og lydfilene kan du enkelt kopiere og sende i ein SMS eller e-post.

Videoar med informasjon om karantene og isolasjon 

Takk til Voss herad som har laga videoane og let oss bruke dei.

Dette er manus i videoane

Isolasjon:
• Du skal ikkje gå ut av heimen, men kan opphalde deg i eigen hage eller på eigen balkong
• Du må få hjelp av andre til å handle
• Hold minst 1 meter avstand til dei du bur saman med
• Du må bruke munnbind heime for å unngå å smitte andre i familien
• Om mogeleg, bruk eige soverom og bad. Bruk eigne baderomsartiklar, som for eksempel handkle.
• Ring legen din eller ambulanse om du blir veldig sjuk
• Vask heimen din ofte og særleg overflater som vask, toalett, dørhandtak og kjøkkenbenk. Klede og sengetøy leggast rett i vaskemaskina og vaskast på minimum 60 grader.
• Dei du bur saman med, må vaske hendene ofte
• Dei du bur saman med, skal vere i karantene
Karantene:
• Når ein er i karantene kan ein ikkje gå på jobb, eller skule. Dette gjeld også for barn.
• Du må få andre til å handle mat til deg
• Du kan gå ut korte turar, men hald minst 1 meters avstand til andre

Lydfiler og informasjonsark med spørsmål og svar om korona

Informasjon frå Folkehelseinstituttet på arabisk, somali, tigrinja, dari, farsi og urdu.

Spørsmåla er delte inn i fem kategoriar:

  • Generelle spørsmål om koronavirus
  • Kva er greitt å gjere i kvardagen?
  • Risikogrupper
  • Bruk av ordinære helsetenester
  • Korona, graviditet og amming

Gå til spørsmål og svar på ulike språk hos fhi.no 

På fhi.no finn du òg lenker til animasjonsfilmar på ulike språk og mykje anna informasjonsmateriell om koronaviruset.

Les meir om kommunikasjon med grupper som kan vere vanskelege å nå

Psykisk helse

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress gir råd om korleis ein kan handtere pandemisituasjonen på mange ulike språk.

Til toppen