Koronasertifikat

Den 24. juni 2021 var koronasertifikatet klar til bruk. Dei som ikkje kan bruke smarttelefon, PC eller nettbrett kan få tilsendt koronasertifikatet i posten.  

Alle som er vaksinert eller immun etter gjennomgått covid-19 kan bestille koronasertifikat. 
Sertifikatet består av to delar:

  • Koronasertifikat for innanlands bruk
  • Koronasertifikat for å passere grenser i EU- og EØS-område

Koronasertifikat klart i EU/EØS-versjon

Treng alle koronasertifikat?

Det er kun dersom du skal reise til land som krev koronasertifikat for innreise at du treng å bestille dette. Koronasertifikatet sikrar deg at du slepp karantene når du reiser inn i Norge. Deltaking på enkelte større arrangement eller reise med kystcruise kan også ha krav om koronasertifikat.

Les meir om koronasertifikatet på helsenorge.no

Digitalt koronasertifikat på helsenorge.no 

Alle som kan skal nytte den digitale løysinga på helsenorge.no. Har du ikkje tilgang til helsenorge.no kan du gi andre fullmakt til å skrive ut ditt koronasertifikat. Det digitale koronasertifikatet vil oppdatere seg automatisk og har 90 dagars gyldigheit til ein kvar tid. Du kan laste ned ditt digitale koronasertifikat på din mobiltelefon eller nettbrett. Det er ikkje nødvendig å skrive ut sertifikatet dersom du har dette digitalt. Ønskjer du likevel ei utskrift, må du ordne dette sjølv.

Koronasertifikat for ikkje-digitale brukarar

Slik går du fram for å få tilsendt sertifikat for ikkje-digitale brukarar


Det er kun du som treng sertifikatet som sjølv kan ringe.

  1. Ha klart fødselsnummer eller d-nummer
  2. Ring informasjonstelefonen for korona (kl. 08.00 – 15.30 måndag til fredag)

Frå Noreg, telefon: 815 55 015
Frå utlandet, telefon: +47 21 89 80 42

Saksbehandlar vil be deg om ditt fødsels- eller d-nummer, og be om å oppgje fullt namn og din folkeregistrerte adresse. Dersom namnet og adressa ikkje stemmer med det som er oppført som folkeregistrert adresse, kan du dessverre ikkje få tilsendt koronasertifikatet. Då må du kontakte folkeregisteret for å avklare kva som er registrert på deg.

Dersom du har gyldig koronasertifikat får du dette tilsendt per post til din postkasse. 

Det kan ta opptil ei veke før du får tilsendt sertifikatet. Du kan difor ikkje få tilsendt koronasertifikat basert på negativ koronatest sidan gyldigheita for testresultatet kun er gyldig i 24 timar. Du må sjølv passe på gyldigheitsdatoen som er 90 dagar frå utskriftsdatoen.

Les om koronasertifikat for ikkje-digitale brukarar på FHI sine heimesider 

Til toppen