Smitterisikovurdering for Bjørnafjorden kommune

Kommuneoverlegen har ansvar for løpande å vurdere risikoen ved utbrot og den generelle smittesituasjonen i Bjørnafjorden kommune. Kommuneoverlegen vurderer epidemiologisk situasjon, spreiingspotensial og forventa sjukdomsbyrde.

Smitterisiko sist vurdert: 6. september 2021

Kommuneoverlegen sin konklusjon

Bjørnafjorden kommune hadde ein smittetopp i veke 33. Smittetala våre er synkande, og vi er no på terskelverdi 3. I veke 35 har vi registrert 17 nye smittetilfelle, mot 21 i veke 34. 

800 personar blei testa siste veke (veke 35). Med 38 smitta siste 14 dagar, har vi ca. 150 smitta per 100 000.

Ca. 2,5 % av dei testa dei siste to vekene, har vore positive. Dette tilseier òg terskelnivå 3.

Fleire av dei smitta har stor kontaktflate (skuleelevar). I veke 35 bleica. 90 elevar sett i karantene etter smitte på to barneskular/fritidskontaktar.

Det er framleis mykje smitte i fleire nabokommunar. Vi er førebudde på at det kan bli mykje testing og smittesporing framover blant unge innbyggarar, og særleg i skular og barnehagar.

Vi startar vaksinering av 12-15-åringar denne veka (veke 36).

Risikonivå i Bjørnafjorden kommune i veke 36 er på nivå 3.

Folkehelseinstituttet sin tabell over risikonivå

Klikk for stort bilete FHI    

Bakgrunn for lokal smitterisikovurdering

Statsforvaltaren (det nye namnet på fylkesmannen frå 2021) skal gå gjennom Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratets rapportar om situasjonen i fylket saman med kommunane. Kommunane fastset sitt risikonivå basert på ei løpande vurdering. Statsforvaltaren oppdaterer alle desse risikonivåa på si heimeside.

Dersom dei samla risikovurderingane tilseier at tiltaka bør endrast i geografiske område med fleire kommunar, skal statsforvaltaren bidra til samordning av tiltaka, slik at ein unngår unødvendig variasjon. Statsforvaltaren skal også fremje samarbeid og gjensidig bistand mellom kommunane.

(Kjelde: FHI)

Les meir om risikovurdering på FHI sine nettsider.

Til toppen