Informasjon om koronaviruset i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter. 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.
Vi oppdaterer status for påviste smittetilfelle av Covid-19 på denne sida og på Facebook-sida vår. Vi oppdaterer når vi får melding om nye tilfelle.

Status er 16 påviste smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.

Har du spørsmål om korona?
Ring vår smitteverntelefon på 56 57 57 57.

Har du akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller tung pust?
Vi testar alle innbyggarar ved mistanke om covid-19. Ring fastlege eller legevakt for vurdering/tilvising til koronalegevakt.

Vi opnar for meir "normale" besøksrutinar ved Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter frå laurdag 30. mai. 
For å ha kontroll på smittevernet, må institusjonane framleis ha nokre restriksjonar ved besøk.

Gjester må avtale besøk med avdelinga på førehand, setje seg inn retningslinjene og følgje smittevernråda under heile besøket.

 

Idrettsbygga i Bjørnafjorden kommune opnar endeleg for organisert aktivitet innandørs igjen. Dette gler vi oss til!
Føresetnaden for opning er at alle - deltakarar, arrangørar, trenarar, føresette og publikum - overheld retningslinjene for smittevern.

Vi opnar for kontrollerte og planlagde besøk ved Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter til bebuarar som ikkje er smitta eller er i karantene frå og med onsdag 13. mai 2020.
Ta kontakt med avdelinga for å avtale besøk.

Kommuneleiinga i Bjørnafjorden følgjer råda frå nasjonale helsemyndigheiter, og innfører restriksjonar og tiltak for å førebygge smitte av det nye koronaviruset til innbyggarane i Bjørnafjorden.

Tiltaka gjeld inntil vidare.

Vedtaka er fatta med heimel i smittevernlova § 4-1.

I løpet av neste veke, veke 20, skal endeleg alle elevane våre få kome tilbake på skulen!

Oppstartsplanen er utarbeidd i samarbeid mellom rektorane og kommunen. Årsaka til at det er ulike datoar for oppstart for ulike skular og klasser, har samanheng med lokale forhold som til dømes skulestorleik, tal på elevar, tilgjengelege undervisningsrom og skyss. Smittevern står heilt sentralt. Kvar enkelt skule vurderer og organiserer skuledagen for sine elevar i samsvar med råda i den nasjonale smittevernrettleiaren.

Rektor ved kvar skule vil sende ut meir informasjon om oppstart, smittevern og organisering av skuledagen til elevar og føresette. Dersom du har spørsmål, ta kontakt med den aktuelle skulen.
Velkommen tilbake! 

Dei aller fleste elevar i grunnskulen har hatt heimeundervisning frå 13. mars, med digital oppfølging frå skulen. Etter kvart som skulane opnar igjen for stadig fleire trinn, vil  den ordinære  undervisninga skje på skulen. 

Bjørnefjorden kommune har beslutta at frå neste veke (veke 20) skal opningstida vere kl. 07.30-16.00 i dei kommunale barnehagane.

I tråd med dei nye retningslinjene frå nasjonale helsemyndigheiter og i samråd med smittevernoverlegen, har Bjørnafjorden kommune beslutta å gjennomføre fysiske politiske møte frå og med 7. mai. 
Føresetnaden er at alle deltakarar følgjer gjeldande smittevernreglar.

Treng du informasjon på andre språk enn norsk om koronaviruset, smitterverntiltak og restriksjonar? På desse nettstadane finn du oppdaterte informasjonsark og videoar på ei rekke språk.  

 

 Tusen takk for at du er så flink til å halde avstand og hindre smittespreiing! 
Vi forstår veldig godt at det er freistande å samle seg i større grupper no når det nærmar seg fridagane i mai, men det er viktig at vi held fram å vere forsiktige ei god stund til.
Vi ber alle foreldre om å minne barn og unge litt ekstra på smittevernreglane og å setje dei same grensene for sine barn. Det er òg viktig at foreldre er lojale mot andre foreldre, og at vi set dei same grensene for barna våre. Det er ikkje enkelt å vere «den strenge», viss «alle andre» får lov til å gjere som dei vil.

Politiet og Bjørnafjorden kommune er felles avsendar av ein SMS som går ut til innbyggarar i Bjørnafjorden i dag, med påminning om at vi ikkje kan sleppe opp heilt enno.

 

Kontakt

Smitteverntelefonen Bjørnafjorden kommune
Telefon: 56 57 57 57
Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
Telefon: 815 55 015
Til toppen