Informasjon om koronaviruset i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter. 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.
Vi oppdaterer status for påviste smittetilfelle av Covid-19 på denne sida og på Facebook-sida vår. Vi oppdaterer når vi får melding om nye tilfelle.

Status er 16 påviste smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.

Har du spørsmål om korona?
Ring vår smitteverntelefon på 56 57 57 57.

Har du akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller tung pust?
Vi testar alle innbyggarar ved mistanke om covid-19. Ring fastlege eller legevakt for vurdering/tilvising til koronalegevakt.

Vi minner om at det framleis er adgangskontroll og alminneleg besøksforbod til Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter. Dette gjeld òg uteområda ved sjukeheimane.

  Covid-19-sjukdom kan vere krevjande for kroppen og slite på kreftene. Matinntaket er ein viktig del av behandlinga. God ernæring betyr mykje for den daglege forma, kroppen si evne til å handtere sjukdom og korleis rehabiliteringa er i etterkant av gjennomgått sjukdom. Erfaringar frå norske og utanlandske sjukehus er at mange som blir innlagt på sjukehus med covid-19, har ete svært dårleg i fleire dagar, noko som kompliserer sjukdomsforløpet. Ingvild Marienborg, klinisk ernæringsfysiolog i Bjørnafjorden kommune, gir desse råda om ernæring og COVID-19.  (PDF, 282 kB)

Er jobben din rekna som ein samfunnskritisk funksjon? Har du barnehagebarn som har tilbod om utvida tid, eller ein 10-12-åring med tilsyn på skulen? For at vi skal kunne gi eit så godt tilbod som mogeleg og samtidig følge retningslinene for å hindre smitte av koronavirus, ber vi deg lese denne saka og følge oppmodingane. Takk for forståinga! 

Skulane og barnehagane i kommunen vår har fine uteområde der det er kjekt å leike. Vi minnar om kortid det er greitt å bruke leikeområda, og korleis vi må oppføre oss der for å redusere risiko for smitte av koronavirus.

 Måndag 27. april opnar skulane i Bjørnafjorden kommune for 1. til 4. trinn og SFO. Etter å ha vore stengde for normal drift i over ein månad, gler vi oss til å sjå elevane att! 

Som støttekontakt har du sidan 16. mars fått beskjed om å ikkje utføre oppdraget ditt som ledd i  smittevernarbeidet. Kommuneleiinga har no vurdert at nokre støttekontaktar kan ta til att med oppdraget sitt etter ei individuell vurdering og med visse restriksjonar.

I samråd med kommuneoverlege og smittevernoverlege, opnar Bjørnafjorden kommune opp att bubilparkeringar, campingplassar og småbåthamner i Bjørnafjorden kommune frå i dag, 22. april.

 Har du barnehagebarn i Bjørnafjorden kommune? Her er viktig informasjon til deg frå smittevernoverlegen vår.

Måndag 20. april oppheva regjeringa det nasjonale forbodet mot overnatting på fritidseigedom utanfor eigen kommune. 
Vi gler oss over å kunne helse hyttefolket velkomne tilbake til Bjørnafjorden neste veke!

Gjestehamner, campingplassar og bubilparkeringar er framleis stengde.

Måndag 20. april opnar barnehagane i Bjørnafjorden kommune igjen, etter å ha vore stengde for normal drift i over ein månad. Vi gler oss veldig til å sjå ungane dykkar att!

 

Kontakt

Smitteverntelefonen Bjørnafjorden kommune
Telefon: 56 57 57 57
Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
Telefon: 815 55 015
Til toppen