Informasjon om koronaviruset i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter. 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.
Vi oppdaterer status for påviste smittetilfelle av Covid-19 på denne sida og på Facebook-sida vår. Vi oppdaterer når vi får melding om nye tilfelle.

Status er 16 påviste smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.

Har du spørsmål om korona?
Ring vår smitteverntelefon på 56 57 57 57.

Har du akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller tung pust?
Vi testar alle innbyggarar ved mistanke om covid-19. Ring fastlege eller legevakt for vurdering/tilvising til koronalegevakt.

Grunna nye restriksjonar og retningslinjer frå Folkehelseinstituttet, vel Bjørnafjorden kommune å utsette eller avlyse møte i folkevalde organ dei nærmaste vekene.

Det inneber at følgande møte er avlyst:

  • formannskapet 17. mars
  • strategisamling Lyseparken 18. mars
  • ekstramøte i kommunestyret 18. mars
  • arbeidsmøte i PBU 19. mars
  • kontrollutvalet 19. mars
  • administrasjonsutvalet 24. mars
  • ungdomsrådet 30. mars
  • kommunestyret 31. mars
  • PBU 2. april

Bjørnafjorden kommune oppmodar andre sekretariat til å avlyse eller utsetje sine møte, og ber om at andre møte i tilknyting til avvikling av møte i folkevalde organ også blir avlyst.

Vi kjem tilbake med nytt tidspunkt for desse møta.

For å førebygge spreiing av det nye koronaviruset til risikogrupper, har kommuneleiinga vedtatt å innføre besøksforbod ved Luranetunet bu- og behandlingssenter, Fusa bu- og behandlingssenter og Varafjell avlastningssenter. 
 

Ein mann i 50-åra som er busett i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for det nye koronaviruset. Mannen har vore på reise i eit område med vedvarande smitteutbrot og kom heim laurdag 7. mars. 

Mannen er isolert i eigen heim og alle husstandsmedlemmar er i heimekarantene. Mannen har milde symptom, medan dei andre husstandsmedlemmane ikkje har symptom.

Kommunen har sett i verk tiltak for å kartlegge eventuell smitterisiko. Vi kjem tilbake med meir informasjon.





 

 

 

 

 

 

Kommuneleiinga i Bjørnafjorden følgjer råda frå nasjonale helsemyndigheiter, og innfører restriksjonar for å førebygge smitte av det nye koronaviruset til innbyggarane i Bjørnafjorden.
I samband med dette har vi vedtatt å avlyse alle klasseturar utanfor kommunegrensene for barne- og ungdomsskuleelevar i kommunen inntil vidare.

 

I desse koronatider med store mengder informasjon og spekulasjonar, er det viktig å gjere det vi veit har effekt mot smittespreiing. Nemleg å gjere det vanskelegare for smitten å spreie seg.
Ofte er det enkle tiltak som skal til, men den samla effekten kan faktisk utgjere den store forskjellen.

 

 

Er du pårørande til nokon som bur eller oppheld seg ved Luranetunet, Fusa bu- og behandlingssenter eller Varafjell avlastingssenter? For å hindre smitte av det nye koronaviruset, innfører kommunen besøksforbod på institusjonane frå 12. mars. Dette gjer vi for å beskytte eldre, sjuke og andre som er i risikogruppa for viruset.

Mange barn og unge har spørsmål om koronaviruset. I denne filmen frå Helsedirektoratet får du svar på spørsmål som Hermine (13) stiller Helen, lege i Helsedirektoratet.

Filmen gir òg informasjon som er viktig for vaksne å vite.

Prøvetakingsteam kjem heim til personar ved mistanke om smitte
For å unngå at eventuell smitte spreier seg på legekontor eller legevakt vil helsepersonell frå kommunen gjere heimebesøk for å ta prøve av personar som kan vere smitta.

Dersom du har vore i område med vedvarande spreiing av koronaviruset eller har hatt nærkontakt med personar som har fått påvist koronasmitte, må du følgja med på om du utviklar feber, sår hals, hoste eller pustevanskar dei etterfølgjande 14 dagane.

 Her er råda frå kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.

Kontakt

Smitteverntelefonen Bjørnafjorden kommune
Telefon: 56 57 57 57
Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
Telefon: 815 55 015
Til toppen