Ei vennleg påminning til våryr ungdom i alle aldrar

Klikk for stort bilete Erik Ask/Os fotoklubb  Tusen takk for at du er så flink til å halde avstand og hindre smittespreiing! 
Vi forstår veldig godt at det er freistande å samle seg i større grupper no når det nærmar seg fridagane i mai, men det er viktig at vi held fram å vere forsiktige ei god stund til.
Vi ber alle foreldre om å minne barn og unge litt ekstra på smittevernreglane og å setje dei same grensene for sine barn. Det er òg viktig at foreldre er lojale mot andre foreldre, og at vi set dei same grensene for barna våre. Det er ikkje enkelt å vere «den strenge», viss «alle andre» får lov til å gjere som dei vil.

Politiet og Bjørnafjorden kommune er felles avsendar av ein SMS som går ut til innbyggarar i Bjørnafjorden i dag, med påminning om at vi ikkje kan sleppe opp heilt enno.

Råd og tiltak som gjeld for alle

  • Unngå samling i større grupper. 
  • Unngå handhelsing, kyssing og klemming med personar som ikkje bur i same husstand som deg.
  • Avgrens talet på personar du har nær kontakt med og får besøk av. Friske barn og unge kan vere saman både inne og ute, men i små grupper.
  • Hald avstand til andre, både ute og andre stader der du oppheld deg.
  • Hugs god hand- og hostehygiene! Vask hendene grundig og ofte.
  • Er du forkjøla eller har andre symptom på luftvegsinfeksjon? Hald deg heime.

Vi må halde avstand for å hindre smitte

Formålet med råda om å halde avstand, er å avgrense og forseinke utbrot av covid-19. Sjukdomen smittar i hovudsak via dråpe- og kontaktsmitte, difor er redusert kontakt mellom menneske viktig for å bremse spreiinga av covid-19. Ved å auke avstanden til mange menneske, er du med på å forseinke utbrotet - og redde liv til menneske i risikogrupper.

Kjelde: fhi.no

 Ta vare på kvarandre og god helg!

Til toppen