Framleis besøksforbod ved sjukeheimane våre

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Vi minner om at det framleis er adgangskontroll og alminneleg besøksforbod til Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter. Dette gjeld òg uteområda ved sjukeheimane.

Restriksjonane held fram i samråd med føringar frå Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen.

Vi forstår veldig godt at det kan kjennest vondt og vanskeleg å ikkje få vere saman med eller besøke dei ein er glad i. Vi håpar likevel at de forstår at restriksjonane er innførte for å beskytte bebuarane våre og dei tilsette mot potensielt livsfarleg smitte. Eldre og sjuke er ekstra sårbare for koronaviruset.

Tusen takk for at de respekterer desse restriksjonane. Di meir vi alle gjer for å hindre smittespreiing, di raskare vil vi kome tilbake til normalen.

Vi følgjer føringar frå nasjonale helsemyndigheiter og vurderer fortløpande om det er forsvarleg å opne opp for besøk ute i kontrollerte og trygge former. Vi vil gi informasjon når dette er vurdert som trygt.

Til toppen