Idrettsanlegga opnar for forsiktig innandørs bruk

Klikk for stort bileteIdrettsbygga i Bjørnafjorden kommune opnar endeleg for organisert aktivitet innandørs igjen. Dette gler vi oss til!
Føresetnaden for opning er at alle - deltakarar, arrangørar, trenarar, føresette og publikum - overheld retningslinjene for smittevern.

Gjenopninga skal skje i trygge og gode former

Med gode smitteverntiltak må vi gjere alt vi kan for at det skal bli trygt å bruke kommunale idrettsbygg.

Idrettslaget/foreininga er ansvarleg for at aktivitetar blir gjennomførte på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Dette krev eit godt samarbeid mellom trenarar/instruktørar/frivillige, deltakarar, føresette og andre som er tilknytt aktiviteten.

Dei tre grunnprinsippa i smittevernrettleiaren for idretten:

  1. Sjuke personar skal halde seg heime
  2. God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald
  3. Halde minst ein meters avstand og redusere kontakt mellom personar

Idrettslaga må informere eigne medlemmar

Idrettslaget/foreininga skal syte for nødvendig opplæring og informasjon til trenarar/instruktørar/frivillige, deltakarar og føresette i godt tid før oppstart av aktivitet eller arrangement.

Sjå sentrale rettleiarar og lokale prosedyrar for Bjørnafjorden kommune knytt til covid-19

Dette blir annleis i oppstarten for å sikre godt smittevern:

  • Mindre grupper.
  • Personar som er til stades skal kunne halde minst 1 meters avstand til andre.
  • Auka reinhald og fokus på smittevern.
  • Alle utøvarar møter opp presis når treninga startar, og treningane blir avslutta 15 minutt før normal treningsslutt. Dette for å unngå trengsel mellom menneske i samband med at nokon kjem og andre går frå trening.
  • Trenarane/leiar må ha oversikt over kven som er på dei ulike treningane/samlingane for å kunne gjere smittesporing om det skulle bli behov for det.
  • Det er viktig at alle møter til riktig tid.
  • Det er ikkje lov å bruke ribbevegger i lokala.
  • Bruk av garderobar i idrettshallar er inntil vidare forbode. Garderobane kan vere opne for handvask og bruk av toalett. Det er ikkje lov å skifte klede/utstyr,  dusje osb. i garderobar.
  • Når treninga er ferdig skal utøvarane snarast gå frå idrettshallen/gymsalen/ svømmehallen osb.
  • Føresette som leverer og hentar barn på trening skal ikkje følge barna inn i bygget. Dei vaksne leverer utanfor bygget og venter utanfor når treninga er ferdig.
Til toppen