Informasjon om heimeundervisning 

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Dei aller fleste elevar i grunnskulen har hatt heimeundervisning frå 13. mars, med digital oppfølging frå skulen. Etter kvart som skulane opnar igjen for stadig fleire trinn, vil  den ordinære  undervisninga skje på skulen. 

Dersom føresette vel å fortsatt halde barna heime frå skulen i koronaperioden, må dei vere klar over at det trengst legeerklæring for å få gyldig fråvær. Har ikkje barnet legeerklæring, kjem ei slik ordning inn under regelverket om privat heimeundervisning. Det vil seie at føresette tar på seg heile opplæringsansvaret. Privat heimeundervisning medfører eit mykje større ansvar for føresette enn den undervisninga elevane har fått heime i skulen sin regi sidan midten av mars.   

Føresette treng ikkje å søkje kommunen om privat heimeundervisning på førehand, men må orientere rektor dersom dette er aktuelt. Det er viktig at dei føresette forstår det ansvaret dei i tilfelle tar på seg.  

Den private heimeundervisninga skal svare til opplæringa som blir gitt i offentleg grunnskule. Omgrepet «tilsvarande undervisning» byggjer på prinsippet om opplæringsplikt, og ikkje skuleplikt. Barn og unge skal gjennom opplæring i heimen få moglegheit til å tileigne seg tilsvarande kunnskapar som i den offentlege grunnskulen. Det er krav om at læreplanverket skal følgast. 

Kommunen har rett og plikt til å føre tilsyn med opplæringa. 

På UDIR sine sider finn du meir informasjon om privat heimeundervisning.

Til toppen