Informasjon om tiltak i kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bileteKommuneleiinga i Bjørnafjorden følgjer råda frå nasjonale helsemyndigheiter, og innfører restriksjonar og tiltak for å førebygge smitte av det nye koronaviruset til innbyggarane i Bjørnafjorden.

Tiltaka gjeld inntil vidare.

Vedtaka er fatta med heimel i smittevernlova § 4-1.

Kommunen er open, sjølv om bygga er stengte

Ring 56 57 50 00 eller send e-post til post@bjornafjorden.kommune.no for kontakt med kommunen.
Publikumsmottaket i Kommunetorget i Bjørnafjorden rådhus og Kommunetunet i Eikelandsosen held stengt. 

Kommunale tenester og tilbod i koronaperioden

Barnekoordinator

Kontakt barnekoordinator Beate Botnevik på telefon 480 32 152 eller e-post.

Oppfølging skjer via telefon eller videoløysing inntil vidare.

Barneverntenesta

Barneverntenesta har ein akuttfunksjon overfor barn og unge som har behov for nødvendig hjelp. For å kunne ivareta denne funksjonen og sikre at vi har nok personale til å handtere akutte situasjonar, vil barneverntenesta nedprioritere nokre oppgåver i dei neste vekene. 

Familiar/samarbeidspartnarar i kontakt med barneverntenesta vil merke at det blir begrensa fysiske møtepunkt i ein periode framover. Kontakten vil i hovudsak skje via telefonmøte/brev. Ved fysiske møtepunkt vil familiane bli kontakta i forkant for å avklare risiko for smitte. Dersom det blir fysiske møte i barneverntenesta sine lokale, må alle følgje reglar for god smittevernhygiene.
Barneverntenesta ber dei som har behov for kontakt om først å ringe kontaktpersonen.

Er du bekymra for eit barn?
Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere at barn som i utgangspunktet ikkje har det så godt heime, er endå meir sårbare enn vanleg.

Er du bekymra for at eit barn treng akutt hjelp?
Vi er i beredskap heile døgnet.Ta kontakt med barneverntenesta i Bjørnafjorden på telefon 901 82 850 (kl. 8-15.30). Ettermiddag, kveld og helg, ring telefon 55 36 11 80. Du kan òg sende e-post til postmottakbarnevern@bjornafjorden.kommune.no
 

Besøk til sjukeheimar

Vi opnar for meir "normale" besøksrutinar ved Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter frå laurdag 30. mai. 
For å ha kontroll på smittevernet, må institusjonane framleis ha nokre restriksjonar ved besøk.

Gjester må avtale besøk med avdelinga på førehand, setje seg inn retningslinjene og følgje smittevernråda under heile besøket. Les meir om retningslinjer for besøk her

 

Bibliotek

Biblioteket opnar for besøkande igjen frå og med 25. mai. Hovudbiblioteket på Os er først ut 25. mai, Eikelandsosen opnar 3. juni. Det blir reduserte opningstider, som gjeld heile sommaren.

Her finn du  opningstider, smittevernreglar og oversikt over kva tenester og rom som blir opna på hovudbiblioteket på Os og biblioteket i Eikelandsosen.

Campingplassar og bubilparkering

Campingplassar og bubilparkeringar i Bjørnafjorden kommune opna igjen 21. april.  

Feiing og tilsyn

Vi utset tilsyn i bustad og fritidsbustad for å førebygge smittespreiing.

Vi vil utføre utvendig feiing av skorsteinsløpet frå tak, og sende ut varsel på SMS og e-post, som vanleg. Feiaren vil vurdere behovet for feiing utifrå sotmengde. Eigar må sjølv syte for å fjerne sot som er tatt ut av sotluke etter utført feiing. Feiarane vil følge smittevernråd, halde avstand og ikkje handhelse. Feiarane er uniformerte og kjem i uniformert bil.

Brann og redning er ein kritisk samfunnsfunksjon. Vi ønskjer å avgrense smittefaren og risikoen for spreiing av viruset på brannstasjonen. Dersom du er i heimekarantene eller er smitta/mistenker smitte og får varsel om feiing,  du gi oss beskjed om dette.

Foreldreførebuande kurs

Foreldreførebuande kurs med oppstart 14. og 15. april er avlyst på grunn av koronapandemien.
Alle kursdatoane går ut (ammekurs 14/4 og 15/4 og fødselsførebuande kurs 16/4 med jordmor, og kurskveldane 21/4 og 22/4 med helsesjukepleiar og psykolog).

Du som skulle ha vore på kurs kan ta kontakt med jordmor for meir informasjon og alternative måtar du kan førebu deg til fødsel og amming. Ring 56 57 51 64 eller sentralbord 56 57 50 00, så blir du sett over til jordmor. 

Friskliv og meistring

All gruppeaktivitet i regi av Friskliv og meistring Bjørnafjorden er innstilt. Inntil vidare anbefalar dei energisk og enkel pausetrim med Kristin og Silje.

Bli med i den offentlege Facebook-gruppa til Friskliv og meistring Bjørnafjorden. Her får du tips, oppmuntring og kloke ord.

Heimesjukepleie og heimehjelp

For å omdirigere helsepersonell til andre og meir presserande pleieoppgåver i kjølvatnet av koronautbrotet, gjer Heimebaserte tenester endringar i tilbodet på begge sider av fjorden.

Heimehjelp (t.d. golvvask, støvsuging og anna husarbeid) blir i hovudsak avvikla, men vi tar individuelle omsyn.

Heimesjukepleia vil sjølvsagt halde fram å gi nødvendig helsehjelp, men vi ber pårørande om å overta lette omsorgsoppgåver og gi praktisk hjelp når dette er mogleg - dømes å ta av og på støttestrømper, lage mat og gjere husarbeid. 
Vi ber òg pårørande om å "ha tilsyn" med sine nære, anten på telefon eller ved å stikke innom for å sjå at alt er greitt.

Brukarar og pårørande blir kontakta, og vi gjer individuelle avtalar for kvar enkelt tenestemottakar. Ingen skal oppleve å miste tilbod utan at heimetenestene og tenestemottakar/pårørande saman har lagt ein plan for tilbodet i denne perioden.

Viktig: Dersom du som er pårørande er i heimekarantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, er det viktig at du ikkje besøker nokon som anten er i risikogruppa for koronaviruset eller sjølv er i karantene.

Fysio- og ergoterapitenesta

Frå 20. april tillet nasjonale retningslinjer igjen ein til ein-behandling. Fysio- og ergoterapitenesta har byrja opne opp for  pasientbehandling, men er enno ikkje tilbake i vanleg drift. Tenesta følgjer smitteverntiltak som skal sikre både behandlar og pasient frå smitte, og førebygge vidare smitte til befolkninga. Fysio- og ergoterapitenesta er tilgjengeleg på tlf. 56 57 55 85.

Dei private fysioterapeutane med kommunal avtale har òg delvis opna igjen for behandling etter 20. april. Ta kontakt direkte:

Her finn du kontaktinfo til private fysioterapeutar med kommunal driftsavtale.

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom på Osøyro opnar att frå tysdag 28. april. Opningstida er som før kl. 14.30-16.30. Vi vil ha kontrollert dropp-inn og gode smitteverntiltak.
Du kan òg ta kontakt med helsesjukepleiar Annika som før, på tlf. 957 85 736. For Helsestasjon for ungdom Eikelandsosen, ring 979 65 039.

Det er viktig at du ikkje møter opp på helsestasjonen dersom du er forkjøla, har feber eller andre symptom på luftvegsinfeksjon. Er du i tvil? Ring oss først.

Helsesjukepleiar svarar ungdom på Snapchat

Helsesjukepleiar ved Os vidaregåande skule, Jannicke Kvant Rogde, har det siste året svart på spørsmål frå elevane sine på Snapchat, under kontoen Helsepling. Nå opnar ho for spørsmål frå unge på alle ungdoms- og vidaregåande skular i Bjørnafjorden. Berre legg til Helsepling på Snapchat.

 

Helsestasjon for barn

Helsedirektoratet har lagt nye føringar for helsestasjonsdrift under koronautbrotet. Tiltaka er innført for å beskytta dei mest sårbare i befolkninga mot koronasmitte. Helsestasjonen skal no ha tilnærma normal drift. 

Det er to unntak:

  • Helsesjukepleiar ikkje kjem på heimebesøk til familiar med nyfødde. Du blir kontakta på telefon, og får tilbod om time på helsestasjonen. 
  • Vi har ikkje gruppekonsultasjonar, berre individuelle.

Søsken skal ikkje vera med på helsestasjonen.  

Helsestasjonen legg opp til at så få som mogeleg skal vere samtidig på venterommet. Fint om alle kjem presis til avtalar, og ikkje for tidleg. Ved behov for kontakt utover dette, ta kontakt med helsestasjonen på telefon 56 57 51 71.

Barnet skal helst berre følgast til konsultasjon av ein føresett. 

Du skal ikkje kome til helsestasjonen dersom du eller andre i hushaldet ditt har fått påvist koronasmitte, eller har symptom som feber, sår hals og hoste. Kontakt oss på telefon.

På Osøyro helsestasjon er døra inn til helsestasjonen låst.  Dei som har avtale, blir henta av helsesjukepleiar. 

På Eikelandsosen helsestasjon er døra til venterommet åpen mellom 08.00-15.00. Dei som har avtale blir ikkje sitjande på venterommet, men blir tatt inn med ein gong dei kjem. 

Handlehjelp

Er du isolert i heimen eller i heimekarantene, utan moglegheit til å få andre til å levere mat eller medisinar til deg eller familien din på ein trygg måte? Mange frivillige har registrert seg og er klare til å hjelpe!
Bjørnafjorden kommune har oppretta Koronahjelp i Bjørnafjorden. Her kan du melde inn kva du treng hjelp til.  

Du kan òg ringe kommunen for praktisk hjelp: 

  • Os-sida: Telefon 916 72 910
  • Fusa-sida: Telefon 56 58 01 14
Hytter og fritidseigedommar

Frå 20. april opphevar regjeringa forbodet mot overnatting på fritidseigedomar utanfor eigen kommune,og hyttefolket kan igjen besøke hyttene sine når dei måtte ønskje, frå og med 20. april.

Idrettsanlegg

Meir informasjon finn du på nettsidene til idrettslag og idrettsanlegg.

Jordmortenester

Er du gravid og har time hos jordmor på nærjordmorsenteret Osøyro eller Eikelandsosen, skal du kome som avtalt dersom du ikkje har fått melding om noko anna. Du må kome åleine. Dørene på Bjørnafjorden rådhus på Osøyro er stengde, og jordmor må sleppe deg inn. Ring 468 27 754 når du kjem. I Eikelandsosen er døra til nærjordmorsenteret/helsestasjonen open, følg instruksen som står på døra. Du kan ringe jordmor i Eikelandsosen på 489 96 272.

Du skal ikkje kome til nærjordmorsenteret dersom du eller andre i hushaldet ditt har fått påvist koronasmitte, eller har symptom som feber, sår hals og hoste. Kontakt oss på 468 27 754.

Barselkvinner som skal ha kontroll av den nyfødde etter at dei er komne heim frå sjukehuset, blir kontakta av jordmor og får avtalt time fyrste kvardag etter heimkomst. Sjå info på jordmortenesta si nettside.
Du må kome på nærjordmorsenteret åleine med barnet ditt, ledsager kan følge til døra.

Foreldreførebuande kurs avlyst

Alle kursdatoane går ut (ammekurs 8/6 og 9/6 og fødselsførebuande kurs 11/6 med jordmor, og kurskveldane 16/6 og 17/6 med helsesjukepleiar og psykolog).

Du som skulle ha vore på kurs kan ta kontakt med jordmor for meir informasjon og alternative måtar du kan førebu deg til fødsel og amming. Ring 56 57 51 64 eller sentralbord 56 57 50 00, så blir du sett over til jordmor. 

Trygg start

Gravide som treng tettare oppfølging av jordmor vil få tilbod om dette, men pga. smitterisiko under koronapandemien blir det nokre endringar i Trygg start-tilbodet:

  • Tilbod om ekstra heimebesøk etter fødsel går ut. Helsesjukepleiar vil gje individuell oppfølging  på helsestasjon eller per telefon.

Nye gravide med spesielle behov i svangerskapet er velkomne til Trygg start. Ta kontakt med jordmor for avtale.

Kolst-, kreft- diabetesteam

Ressursteama gjer ikkje heimebesøk for å redusere smitterisiko, men er tilgjengelege for råd, veiledning og spørsmål på telefon.

  • Diabetesteam: 906 78 912
  • Kolsteam: 916 72 069
  • Kreftteam (tysdag og onsdag): 970 57 689
Kreftkoordinator

Du kan ringe kreftkoordinator for samtale, telefon 469 22 958 eller sende e-post.  Dette gjeld også dine næraste pårørande, inkludert barn.
Sjå informasjon om korona og kreft:
10 spørsmål og svar om korona og kreft (Kreftforeningen.no)

Risikogrupper for koronaviruset (Helsenorge.no)

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering i heimane blir ikkje gitt for å redusere smitterisiko.Tenesta er tilgjengeleg på tlf. 415 21 867

Leikeplassar og nærmiljøområde

Retningslinjer for bruk av leikeplassar/nærmiljøanlegg og uteområde ved kommunale skular og barnehagar 

  • Maksimalt fem personar, inkludert vaksne, i ei gruppe 
  • Hald to meters avstand til barn/personar som ikkje er i same husstand som deg
  • Vis god hand- og hostehygiene
  • Spytting er forbode!

Vi oppmodar foreldre til å vere med barna på leikeplassen, og til å desinfisere dei stadane barnet tar på før og etter leiken. Hugs grundig handvask før de går ut og når de kjem heim!

NB! Ikkje alle skular og barnehagar opnar leikeområda sine

Ved fleire av dei kommunale skulane og barnehagane vil det vere drift, som følgje av at kommunen gir eit omsorgstilbod til mellom andre barn av foreldre med samfunnskritiske funksjonar.
Leikeområda ved desse skulane og barnehagane vil ikkje vere opne for allmenn bruk.
Ver venleg å respektere skilting som seier at skuleplassen/leikeområdet er stengt.

Private skular, barnehagar og leikeplassar/nærmiljøanlegg

Private skular og barnehagar bestemmer sjølve om deira uteområde skal vere opne med dei same restriksjonane som for dei kommunale skulane og barnehagane. Det same gjeld private leikeplassar og nærmiljøanlegg.

Lokale kulturarrangement
  • Oseana kunst- og kultursenter opnar foajeen, Griegsamlingen og Hvelvet for besøkande frå 28. april. Konsertar og teaterframsyningar er avlyst fram til 15. juni. Du finn meir informasjon på oseana.no.
  • Utandørs idrettsanlegg er opne for bruk med ei rekkje restriksjonar. Les om gjeldande retningslinjer her.
  • Svømmehallar, både kommunale og private, er stengt.
  • Lag og organisasjonar må vurdere om det er nødvendig å gjennomføre treningar, møte, kurs og andre samlingar.
  • Vi oppmodar butikkar og næringslivet elles til å styrke reinhaldet og legge til rette for god smittevernhygiene.
  • Biblioteka i Bjørnafjorden opnar igjen frå 25. mai (Os) og 3. juni (Eikelandsosen).
Mekling ved samlivsbrot

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har bestemt at alle familievernkontor skal vere stengt frå fredag 13. mars for å bidra til å hindre spreiing av koronaviruset. 

Regjeringa oppdaterte reglane 26. mars, og foreldre er no gitt fritak frå møteplikt til obligatorisk meklingstime. Foreldre får meklingsattest utan frammøte, og får tilsendt informasjonsbrev med tilbod om rådgjeving på eit seinare tidspunkt når smittevernrestriksjonane er oppheva. Meklar ringer til den andre forelderen som ikkje har bestilt mekling og informerer om at mekling er bestilt, og kvifor meklingsattest vil bli tilsendt med vanleg eller digitalt brev.
Her kan du lese meir om reglane for obligatorisk mekling ved samlivsbrot.  

Skjema for å bestille mekling finn du her. 

 

NAV

NAV Bjørnafjorden stenger publikumsmottaket frå og med fredag 13. mars.

Du kan sende inn digitale søknadar via nav.no, eller til post@bjornafjorden.kommune.no og ringe tlf. 55 55 33 33.

NAV Bjørnafjorden vil så langt det lar seg gjere gjennomføre dialog med brukarar og samarbeidspartar via telefon og video.

Politiske møte

Bjørnafjorden kommune har starta opp att med fysiske møte i politiske utval. På grunn av smittevernreglane finn alle slike møte stad i kommunestyresalen, med unntak av kommunestyret, som har sine møte i Oseana kunst- og kultursenter ut vårhalvåret.

Inntil vidare er det ikkje høve for publikum til å møte fysisk, men pressa har tilgang. Møte i kommunestyret, formannskapet, plan- og bygningsutvalet og tenesteutvalet blir sende direkte på Kommune-TV. Her kan du òg sjå møta i opptak.

Du kan sjå alle møte i folkevalde organ i møteplanen.

Psykisk helse- og rustenester

Utdeling av LAR-medisinar
Vartun deler framleis ut LAR medisinar, endra henteordningar kan førekome.
Brukarar som har fast utlevering av medisinar heime vil framleis få medisinane sine heime som før. Vi følgjer gjeldande råd for å førebygge smittespreiiing.

Nødvendig helse- og omsorgstenester
På grunn av at skular og barnehagar stenger og at tilsette kan bli sett i karantene, er det innført redusert tenestetilbod. Alle som har avtale om administrering av medisinar vil få medisinane sine.
Bebuarar ved Vartun, Stegen og Grantun bufellesskap vil framleis få oppfølging, men smitteførebyggjande tiltak blir gjennomført.
Vi vil ikkje ha høve til å køyre bebuarar/brukarar i bil med mindre det er heilt nødvendig.
Ved fare for liv og helse, vil vi varsle fastlege, legevakt eller spesialisthelseteneste.

Støttesamtale
Kontaktpersonar du har i psykisk helse- og rustenester vil tilby deg samtale per telefon.

Psykologteneste
Behandlar vil tilby deg samtale per telefon.

Ruskonsulent
Ruskonsulent vil tilby deg samtale per telefon.

Drop-in ruspsykolog
Ruspsykolog tilbyr samtale per telefon. Du kan avtale telefonsamtale også utanom den oppsette drop-in-tida. Send melding eller ring tlf. 951 51 771 (8-15.30, måndag-fredag). 

Dagtilbod

  • Dagtilbodet Kontakto er stengt
  • Dagtilbodet Fjordtreff er stengt
  • Lågterskeltilbodet Baksio er stengt

Brukarar av dagtilboda kan få samtale per telefon med sine kontaktpersonar.

Mat
Det vil ikkje bli servert mat i perioden tiltaka gjeld.

Hygiene og reinhald
Vi vil i tida framover ha stort fokus på god hygiene og reinhald i alle fellesområde i bufellesskapa. Vi følgjer gjeldande råd for å førebygge smittespreiing.

Brukarutstyr
Brukarutstyr vil bli utdelt på vanleg måte ved Vartun. Brukarar må vente på utsida medan personalet hentar utstyr.

Skular, barnehagar og SFO

Barnehagane opna igjen 20. april. Meir informasjon her.
1.-4.- trinn ved barneskulane opna 27. april. Meir informasjon her

5.-7. trinn og ungdomsskulane opna i veke 20.

Foreldre slapp å betale for opphald i barnehage og SFO for den perioden tilbodet var stengt på grunn av koronautbrotet. Refusjon for den tida barnehagen og SFO var stengt i mars, blei jamna ut ved at vi ikkje sende ut faktura for april. Den stengte perioden i april blir trekt på fakturaen for mai.
Dersom du har barn i ein privat barnehage, må du ta kontakt med barnehagen for informasjon om korleis tilbakebetalinga skal skje.

Barnehage og SFO opna frå høvesvis 20. og 27. april. 
Så lenge du har plass i barnehage eller SFO, men vel å ikkje bruke han, er reglane framleis slik at du må betale.
Sjå https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/opptar-foreldrebetaling-i-barnehage-og-sfo-igjen/id2697221/ 
Barn/elevar med sjukemelding grunna Covid-19 kan søkje styrar/rektor om å sleppe foreldrebetaling i sjukemeldingsperioden. Dersom du har fall i inntekt på grunn av permittering, kan du søkje om redusert foreldrebetaling.
Du kan òg kontakte oss på innfordring@bjornafjorden.kommune.no, så vil vi prøve å finne ei løysing.

 

Skulehelsetenesta

Så lenge skulane i Bjørnafjorden kommune er stengde, vil det ikkje bli gitt skulehelseteneste der. Det betyr at alle avtaler på skulane går ut. Helsesjukepleiar er tilgjengeleg på telefon for elevar og foreldre som treng kontakt. Sjå oversikt for kontaktinformasjon.

Helsesjukepleiar svarar ungdom på Snapchat

Helsesjukepleiar ved Os vidaregåande skule, Jannicke Kvant Rogde, har det siste året svart på spørsmål frå elevane sine på Snapchat, under kontoen Helsepling. Nå opnar ho for spørsmål frå unge på alle ungdoms- og vidaregåande skular i Bjørnafjorden. Berre legg til Helsepling på Snapchat.

Støttekontakttenesta

Det er no opna opp att for at nokre støttekontaktoppdrag kan gjennomførast. Styresmaktene har innført smitteverntiltak som inneber at støttekontakt og brukar må halda ein meters avstand. Ein kan nytta bil i oppdraget, men då må passasjeren sitja i baksetet på motsett side av sjåføren. Brukar må klara å koma seg inn og ut av bilen åleine. Dersom ikkje oppdraga kan gjennomførast med desse restriksjonane, kan ikkje støttekontakt og brukar vera saman fysisk. Dersom brukar og/ eller støttekontakt er i risikogruppene, kan ikkje oppdraget gjennomførast.  Me oppfordrar til digitalt samvær der vanlege samvær ikkje kan gjennomførast; dvs. telefonar, skype, facetime osb. Det finst og mange digitale spel m.m. Desse restriksjonane gjeld inntil det kjem ny beskjed.
Sjå brev sendt ut til støttekontaktane i Bjørnafjorden kommune, 13.05.20. (PDF, 120 kB)

Tekniske hjelpemiddel

Vi reduserer tenesta for å redusere smittespreiing. Berre heilt nødvendige hjelpemiddel blir leverte ut.
Hjelpemiddel skal ikkje leverast tilbake, men oppbevarast hos brukar så lenge tenesta er redusert.
Kartlegging og utlevering av hjelpemiddel skal avgrensast. Berre høgdt nødvendig reparasjon av hjelpemiddel blir utført. Dette blir vurdert i kvart tilfelle.
Tenesta er tilgjengeleg på tlf. 56 57 55 85

Tryggleiksjukepleiar

Tryggleiksjukepleiar gjer ikkje heimebesøk for å redusere smitterisiko. Tenesta er tilgjengeleg for spørsmål og ein prat på tlf. 900 12 091 eller på e-post.  

 

Til toppen