Sjå når 5.-10. trinn startar opp ved dei ulike kommunale skulane i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete Simen Soltvedt I løpet av neste veke, veke 20, skal endeleg alle elevane våre få kome tilbake på skulen!

Oppstartsplanen er utarbeidd i samarbeid mellom rektorane og kommunen. Årsaka til at det er ulike datoar for oppstart for ulike skular og klasser, har samanheng med lokale forhold som til dømes skulestorleik, tal på elevar, tilgjengelege undervisningsrom og skyss. Smittevern står heilt sentralt. Kvar enkelt skule vurderer og organiserer skuledagen for sine elevar i samsvar med råda i den nasjonale smittevernrettleiaren.

Rektor ved kvar skule vil sende ut meir informasjon om oppstart, smittevern og organisering av skuledagen til elevar og føresette. Dersom du har spørsmål, ta kontakt med den aktuelle skulen.
Velkommen tilbake! 

Eikelandsosen skule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Tysdag 12. mai: 5. og 6. trinn 

Fusa skule

Måndag 11. mai: 5., 6. og 7. trinn

Fusa ungdomsskule

Tysdag 12. mai: 10. trinn
Onsdag 13. mai: 9. trinn
Fredag 15. mai: 8. trinn

Hegglandsdalen barneskule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Tysdag 12. mai: 5. og 6. trinn

Kuventræ barneskule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Onsdag 13. mai: 5. og 6. trinn

Lunde barneskule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Onsdag 13. mai: 5. og 6. trinn

Lysekloster barneskule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Tysdag 12. mai: 5. trinn
Onsdag 13. mai: 6. trinn

Nore Fusa skule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Onsdag 13. mai: 5. og 6. trinn

Nore Neset barneskule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Onsdag 13. mai: 5. og 6. trinn

Nore Neset ungdomsskule

Tysdag 12. mai: 10. trinn
Onsdag 13. mai: 9. trinn
Fredag 15. mai: 8. trinn

Os barneskule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Onsdag 13. mai: 5. og 6. trinn

Os ungdomsskule

Tysdag 12. mai: 10. trinn
Onsdag 13. mai: 9. trinn
Fredag 15. mai: 8. trinn

Strøno barneskule

Måndag 11. mai: 5., 6. og 7. trinn

Søfteland barneskule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Onsdag 13. mai: 6. trinn
Fredag 15. mai: 5. trinn

Søre Fusa skule

Måndag 11. mai: 5., 6. og 7. trinn

Søre Øyane barneskule

Måndag 11. mai: 7. trinn
Onsdag 13. mai: 6. trinn
Fredag 15. mai: 5. trinn

Til toppen