Velkomne til avtalte besøk på sjukeheimen

Klikk for stort bileteVi opnar for kontrollerte og planlagde besøk ved Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter til bebuarar som ikkje er smitta eller er i karantene frå og med onsdag 13. mai 2020.
Ta kontakt med avdelinga for å avtale besøk.

Vi gler oss til å ønskje dykk velkomne att!
For å kunne gjennomføre besøk, må både bebuaren og besøkande forstå og følgje desse krava:  

Retningslinjer for besøk til bebuarar

  • Du må avtale besøket på førehand. Ta kontakt med avdelinga.
  • Besøket kan vare i maksimalt 30 minutt.
  • Berre næraste pårørande kan kome på besøk, og maksimalt 2 faste besøkande.
  • Hald minimum 1, og helst 2, meters avstand mellom bebuaren og deg som er på besøk.
  • Du kan diverre ikkje ha med blomar, gåver, mat og drikke eller liknande under besøket. Vi viser til eigne retningslinjer for dette. Kjæledyr kan heller ikkje vere med på besøk.
  • Ein av dei tilsette er «besøksvert», og vil følge bebuaren til avtalt stad og halde seg i nærleiken under besøket.
  • Bebuaren og besøkande sit for seg sjølve, og kan ikkje omgå andre bebuarar, besøkande eller tilsette.
  • Det er svært viktig å følgje grunnleggande smittevernrutinar, spesielt god handhygiene.

Merk:

  • Besøkande kan ikkje ha symptom på akutt luftvegsinfeksjon eller hatt nærkontakt med personar med bekrefta covid-19.
  • Besøkande kan ikkje ha vore utanfor Noreg siste 10 dagar.

Besøksverten vil be deg om å lese og signere ei eigenerklæring før besøket.

Det er opp til institusjonen og avdelinga å avgjere kva for bebuarar som kan få besøk. Dette avheng av funksjonsnivået til bebuaren, og om han eller ho klarer å følgje råd og smittevernreglar.

Desse retningslinjene er til for å beskytte sårbare pasientar og bebuarar mot potensielt livsfarleg smitte. Takk for at du følgjer dei!

Til toppen