Vi opnar for fysiske politiske møte igjen

Klikk for stort bileteI tråd med dei nye retningslinjene frå nasjonale helsemyndigheiter og i samråd med smittevernoverlegen, har Bjørnafjorden kommune beslutta å gjennomføre fysiske politiske møte frå og med 7. mai. 
Føresetnaden er at alle deltakarar følgjer gjeldande smittevernreglar.

Dei nye retningslinjene frå nasjonale helsemyndigheiter opnar for at opptil 50 personar kan samlast til offentlege arrangement, så lenge det er minst 1 meter mellom kvar person. 

Kommunestyret

Kommunestyremøtet 12. mai vil bli halde i Oseanasalen i Oseana kunst- og kultursenter.

Råd og utval

Desse råd- og utvalsmøta vil bli haldne i kommunstyresalen i Bjørnafjorden rådhus:

  • Plan- og bygningsutvalet: 7., 14. og 28. mai.
  • Tenesteutvalet: 27. mai
  • Ombodsutvalet: 18. mai
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne: 25. mai
  • Eldrerådet: 26. mai
  • Ungdomsrådet: 29. mai

Vi vil lage eigne hygiene- og smittevernrutinar og retningslinjer som alle møtedeltakarar må sette seg inn og følgje. 
Møta vil ikkje vere opne fysisk for andre enn møtedeltakarane, grunna avgrensingar på kor mange menneske som kan vere samla i eit lokale og krav til areal med 1 meter avstand mellom menneske. Publikum og media kan følgje møta i kommunestyret, plan- og bygningsutvalet og tenesteutvalet på Kommune-TV.

Vi kjem tilbake til korleis politiske møte i juni vil bli gjennomførte, avhengig av dei nasjonale retningslinjene. 

Dette gjeld berre politiske møte i Bjørnafjorden kommune. Alle administrative møte skal framleis bli gjennomførte digitalt.

Til toppen