Trur du at du kan vere smitta av covid-19? Slik går du fram for å bestille test

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Dersom du mistenker at du kan vere smitta av covid-19, kan du sjølv be om å bli testa. Du treng ikkje gå via fastlegen din først. Du kan bestille time på nett eller telefon.

Treng du å bli testa for korona?

Dette er hovudreglar for testing:

  • Du skal teste deg dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle). Barn under 12 år med lette symptom, kan sjå an eit par dagar før eventuell testing. 
  • Testing sjølv om du ikkje har symptom kan vere relevant dersom du er nærkontakt til personar som har fått påvist korona eller dersom du er pålagt karantene på grunn av utanlandsreise. Merk at du må vere i karantene heile perioden sjølv om du skulle få negativt prøvesvar.
  • Er du helsepersonell i karantene? Ring testtelefonen for meir informasjon.

Klikk her for å bestille time for testing

Du kan òg ringe koronatest-telefonen på 475 08 412 for å avtale tid for test. Telefontider: måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15. Laurdag og søndag kl. 9.15-10/11-13/14-16.30. 

Testinga skjer på koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.
Testen blir tatt av helsepersonell utanfor bygget medan du sit i bilen, og er overstått på nokre sekund. Avhengig av kor mange som skal teste seg, kan det vere noko kø ved teststasjonen.

Testsvar

Det kan ta to til tre dagar å få svar på testen. Medan du ventar på prøvesvaret, må du halde deg heime og unngå å smitte andre. Alle som har positivt prøvesvar, vil bli kontakta når testsvaret er klart. Har du negativt svar, vil du ikkje bli kontakta direkte, men du kan sjekke det sjølv på helsenorge.no (pålogging med MinID).

Dersom du ikkje har moglegheit til å logge inn på helsenorge.no, eller ikkje har fått svar etter tre døgn, ring fastlegen din. Fastlegen får alltid kopi av testresultatet.

Dersom du testar positivt utan å ha symptom eller å ha vore eksponert for påvist smitte, må du ta ein ny test for å bekrefte resultatet.

Uavhengig av om du har blitt testa for korona eller ikkje, gjeld desse råda:

  • Viss du er sjuk, hald deg heime. 
  • Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117.
  • Ved livstrugande sjukdom eller skade - ring 113.

Har du akutt luftvegsinfeksjon og treng legetilsyn?
Ring fastlegen din for vurdering/tilvising til koronalegevakt. Dersom fastlegen er stengt, ring legevaktsentralen på telefon 116117.

Har du generelle spørsmål om smittevern?
Ring den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015. Du kan òg ringe vår lokale smitteverntelefon på 56 57 57 57 (kl. 15-16, måndag-fredag).

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak.
Read advice and information in English about the coronavirus covid-19.

Lokal informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden kommune finn du på samlesida bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

Karantene og isolasjon

Informasjon om kven som skal vere i karantene/isolasjon og kva dette inneber.

Her finn du råd på 22 språk til personar i heimekarantene og heimeisolasjon

Kontakt

Koronatest-telefon Bjørnafjorden kommune
Du kan også bestille time for test på nett (sjå i artikkelen)
Telefon: 475 08 412
Til toppen