Spørsmål og svar om dei nye smittevernreglane

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Her får du svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla om dei nye smittevernreglane. Dei same reglane er innførte i Bergen, Askøy, Øygarden, Alver, Vaksdal Samnanger og Osterøy - og innbyggarane har mange av dei same spørsmåla.

Finn du ikkje svar? Sjå Bergen kommune sine Svar på ofte stilte spørsmål om nye smittevernregler.  Der kan du òg sende inn spørsmål, oversikta blir stadig oppdatert.

 

Heime

Kor mange kan vi vere heime? Kor mange kan vi ha på besøk?

Det skal i utgangspunktet ikkje vere fleire enn 5 personar samla i heimen. I tilfelle der alle som tilhøyrer ein husstand på fire eller fleire personar er til stades samstundes, kan husstanden likevel ha inntil to gjester.

Unntak:

  • Barn frå same kohort/gruppe i barnehage og barneskule kan besøke kvarandre. Unntaket gjeld ikkje for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule, då gjeld i utgangspunktet regelen om maks 5
  • Barn som bur fleire stader. Dette gjeld òg besøksheimar, avlastingsbustad eller liknande

Poenget med desse reglane er at dersom kvar og ein av oss omgås færre personar, gjer vi det vanskelegare for viruset å spreie seg.

Kan barnet mitt ha besøk av klassevennene sine sjølv om det då blir fleire enn 5 personar heime?

Barn frå same kohort/gruppe i barnehage eller barneskule er unntatt frå kravet om maks 5 personar. Dette unntaket gjeld ikkje for ungdomsskuleelevar eller elevar i vidaregåande skule, her gjeld i utgangspunktet kravet om maks 5 personar. I tilfelle der alle som tilhøyrer ein husstand på fire eller fleire personar er til stades samstundes, kan husstanden likevel ha inntil to gjester.

Kva om ein bur fleire stader, til dømes har delt bustad mellom fleire foreldre?

Alle kan vere heime, sjølv om ein kan ha fleire bustader. Dette gjeld òg for besøksheimar, avlastningsbustad og liknande.

 

På butikken

Er det påbode med munnbind i butikkane?

Det er påbode å bruke munnbind i butikken dersom det ikkje er mogleg å halde 1 meters avstand. 

Kan butikkane sleppe inn så mange kundar som dei ønskjer?

Nei, no er det ei grense som seier at butikken kan sleppe inn så mange kundar at det kan vere minst to meter mellom kvar kunde. Butikken må rekne ut kor mange dette er, basert på kor stort butikklokalet er. Dersom butikken ikkje klarer å kontrollere talet på personar som slepp inn, må dei sjølve syte for vakthald.

Korleis skal butikkar og kjøpesenter rekne ut kor mange som kan vere i senteret og butikken samstundes?

Det er dessverre ikkje mogleg å gi eit generelt svar på dette, sidan kvar enkelt butikk er ulikt utforma og med ulikt tal på og plassering av hyller. Butikkane må sjølve vurdere lokala sine og kor mykje golvplass dei har. Det viktigaste er at kvar kunde til ei kvar tud skal ha moglegheit for å halde 2 meters avstand til andre kundar. Butikkar som har tronge passasjer mellom hyllene kan til dømes innføre "einvegskøyring". Tilstrekkeleg kapasitet ved kassene vil òg vere viktig for å hindre opphoping av kundar.

Er det grenser for kor mange i ein familie som kan handle samstundes?

Nei, det er ikkje sett grenser for dette. Men for å hjelpe butikkane med å overhalde smittevernreglane, oppfordrar vi til å vurdere kor mange som eigentleg treng å vere med på butikken.

 

På heimekontor

Kan arbeidsgivaren min pålegge meg karantene ved mistanke om smittefare?

Nei, arbeidsgvar kan ikkje pålegge karantene, det må helsemyndigheitene gjere. Men arbeidsgivar kan innanfor styringsretten bestemme at du ikkje møter på jobb, slik at ein kan unngå eventuell smitte.

Kva betyr obligatorisk heimekontor?

Bruk av heimekontor er påbode der dette er mogleg. Arbeidsgivaren din er ansvarleg for å vurdere om det er mogleg å utføre arbeidet på heimekontor. Unntak gjeld for samfunnskritiske tenester, tenester innan psykisk helse og for tenester til sårbare grupper av barn og unge.

Kan arbeidsgivaren min pålegge meg å jobbe frå heime?

Ja, arbeidsgivaren kan pålegge deg å jobbe frå heime. Dersom du ikkje kan jobbe frå heime, men samstundes blir pålagt heimekontor, får arbeidsgivar lønnsplikt i denne perioden.

 

På skulen og i barnehagen

Er barnehagane, barneskulane og ungdomsskulane stengde?

Nei, barnehagane, barneskulane og ungdomsskulane er opne. De følgjer gult nivå i samsvar med smittevernreglane. Gult nivå inneber mellom anna at ingen sjuke skal møte, forsterka reinhald, god hand- og hostehygiene, unngå handhelsing og klemming, inndeling i kohortar (grupper) og andre kontaktreduserande tiltak.

Kva betyr det at vidaregåande skular er på raudt nivå?

I vidaregåande skular blir elevane blanda i ulike fag, og det er difor ikkje mogleg å innføre kohortar på same måte som i barnehagar, barneskular og ungdomsskular.

Raudt nivå i vidaregåande skule inneber mellom anna at ingen sjuke skal møte på skulen, god hand- og hostehygiene, forsterka reinhald og kontaktreduserande tiltak.

Les meir om krav og definisjonar i Utdanningsdirektoratet sin rettleiar.

Kvifor er ikkje ungdomsskulane på raudt nivå slik smittesituasjonen er no?

Lokale smittevernmyndigheiter og FHI anbefaler ikkje raudt nivå per no. For elevane vil det vere både fagleg og sosialt meir utfordrande med raudt nivå. Bjørnafjorden kommune har difor valt å vidareføre gult nivå inntil vidare, men vurderer fortløpande om det skal endrast.

 

Arrangement

Kor mange kan vere til stades på eit arrangement no?

Innandørs er maksgrensa på 20 personar. Alle deltakarane må ha fast sitteplass, men sitteplassane treng ikkje vere fastmonterte. Ved gravferd er grensa 50 personar.

For utandørs arrangement, følgjer Bjørnafjorden kommune dei nasjonale retningslinjene frå Folkehelseinstituttet:

  • Utandørs arrangement utan fastmonterte sete: Inntil 200 deltakarar. Dette omfattar utandørskonsertar, marknader og messer, julegrantenning osb.
  • Utandørs arrangement med fastmonterte sete: Inntil 600 deltakarar, fordelte på tre grupper på maksimalt 200 i kvar.

Talet inkluderer ikkje tilsette eller oppdragstakarar som står for gjennomføringa av arrangementet.

Regelen om minimum 1 meters avstand til dei rundt deg, gjeld òg utandørs.

 

Må ein ha fast plass på arrangement?

Ja, på innandørs arrangement må ein ha fast sitteplass, men setet treng ikkje vere fastmontert.

Serveringsstader

Kor lenge kan skjenkestader halde ope?

Serverings- og skjenkestader kan halde ope til klokka 22 og skjenke alkohol til klokka 21.30. Pålegget gjeld ikkje takeaway-sal.

Kan skjenkestader, restaurantar, kafear og kantiner bortvise gjester som ikkje overheld 1-metersregelen og som ikkje kjem frå same husstand?

Ja, gjester som ikkje overheld 1-metersregelen og som ikkje kjem frå same husstand kan bortvisast frå lokalet. Det er arrangøren eller innehavar som har ansvar for at smittevernreglane blir følgde i lokalet.

Kva med bensinstasjonar og kioskar som sel mat - kan dei framleis gjere dette?

Ja, dei kan selje takeaway, men stenge sitteplassar etter klokka 22. Dei følgjer med andre ord reglane for serveringsstader.

Kollektivtransport

Er det krav om munnbind på kollektivtransport?

Det er påbode å bruke munnbind på kollektivtransport, dersom det er fare for at det vil vere vanskeleg å halde 1 meters avstand.

Er det krav om munnbind i taxi?

Ja, både sjåfør og passasjerar i taxi skal bruke munnbind i bilen. Når taxisjåføren ikkje har passasjer i bilen, er det ikkje krav om munnbind.

Gjeld dei same reglane for kollektivtransport til og frå nabokommunane?

Ja, alle kommunane rundt Bergen har vedatt dei same reglane. Dei gjeld difor både internt i kommunen og mellom kommunane rundt Bergen.

Trening og idrett

Kva for idrettsaktivitet er lov og ikkje lov?

Barn og unge under 20 år kan framleis ha organiserte treningar og skuleundervising, men kamp, cup, turnering og liknande er ikkje tillate i denne perioden. Trening eller konkurransar innan breiddeidrett for vaksne, er ikkje tillate. Treningssenter er stengde.
For toppidrett gjeld eigne reglar.

Kvifor må treningssenter vere stengde?

Fordi det er ein stad som samlar mange personar på éin stad, og det skal vi unngå i denne perioden. Trening er dessutan ein aktivitet som det er mogleg å gjennomføre andre stader enn på treningssenter.

Kan eg trene med personleg trenar utandørs?

Ein-til-ein-trening med personleg trenar utandørs er tillate, men ikkje gruppetrening.

Kan eg gå på fysikalskbehandling/trening hos fysioterapeut eller liknande?

Ja, all behandling kan halde fram, òg dersom trening og aktivitet er ein del av behandlinga og det skjer i behandlaren sine lokale. Men ver nøye med å overhalde smittevernreglane i slike situasjonar.

 

Reiser

Er det karantene for personar som kjem frå utlandet?

Ja. Alle som skal gjennomføre innreisekarantene, skal gjere det på karantenehotell, også norske statsborgarar.

Unntak: dei som er busett eller eig bustad i Noreg, og oppheld seg i den bustaden, og folk som er i Noreg for å gjere eit arbeid der arbeids- eller oppdragsgivar har sytt for ein eigna opphaldsstad med einerom i karantenetida.

Scandic Kokstad er karantenehotell for bergensregionen. Eigenandel for hotell: 500,- per døgn for privatpersonar, 1500,- per døgn for arbeidsgivarar. Bebuarar på karantenehotell får tilbod om å teste seg, men karantenetida blir ikkje forkorta sjølv om ein testar negativt.   

 

Helsetenester

Kan eg gå til tannlegen?

Du kan møte til planlagt tannlegetime som vanleg, så sant du elles er frisk. Tannhelsetenesta har tilnærma normal drift, men med skjerpa krav til smittevern.

Avbestill timen din dersom du har symptom på luftvegssjukdom eller er i karantene fordi du er nærkontakt til ein som har fått påvist covid-19.

Dersom du er usikker, f.eks. fordi du tilhøyrer ei risikogruppe, ta kontakt med tannlegekontoret der du er pasient for å avtale om du skal gjennomføre planlagt tannbehandling no, eller utsette timen. 

 

Dispensasjon

Kan eg søkje om dispensasjon/unntak frå smittevernreglane?

Du kan søkje, men Bjørnafjorden kommune gir ikkje dispensasjon frå reglane. Dette blei vedtatt i kriseleiinga (KKL) i Bjørnafjorden kommune, 9. november 2020.

Til toppen