Bestill time for koronavaksinasjon

Har du fått melding med tilbod om koronavaksine/covid-19-vaksine frå Bjørnafjorden kommune? Då kan du bestille time for vaksinasjon på nett eller telefon.
Du vel om du vil ta vaksinen i "Gamle" Oshallen på Kuventræ (sjå kart) eller ved ved Eikelandsosen legekontor på Fjord'n senter (sjå kart).

  • Berre definerte målgrupper får tilbod om koronavaksine, og i ei definert rekkefølgje
  • Dersom du ikkje har fått melding frå kommunen med tilbod om vaksine, må du vente til det er din tur. Kommunen eller fastlegen din vil gi deg beskjed
  • Timebestilling er gratis. Vaksinen er gratis

Bestill time ved å bruke lenka i SMS-en du har mottatt frå oss. Du kan òg bestille time for vaksinasjon ved å ringe telefon 913 58 649

Du kan lese meir om koronavaksinen på Folkehelseinstituttet sine nettsider

Til toppen