Kan du hjelpe oss å vaksinere bjørnafjordingane i sommar?

Klikk for stort bilete Evgeni Tcherkasski, Unsplash Bjørnafjorden kommune søkjer etter personar med helsefagleg bakgrunn, gjerne pensjonistar eller studentar, som kan hjelpe med gjennomføringa av covid-19-vaksineringa i kommunen i sommar.

Vi søkjer deg som kan bidra minst to dagar i veka i veke 28, 29 og 30.
Vaksineringa skjer i Oshallen og ved Eikelandsosen legekontor onsdagar og fredagar i heile juli.
Saman skal vi syte for at bjørnafjordingane får vaksinen!

Arbeidsoppgåver

Å klargjere og sette vaksiner. Det kan òg bli aktuelt å svare på vaksinetelefonen og jobbe ved teststasjonen.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar, lege, helsesjukepleiar, vernepleiar, medisinsk sekretær, farmasøyt eller anna autorisert helsepersonell er velkomne til å søkje, både aktive og pensjonerte.
  • Studentar innan sjukepleie, vernepleie, medisin eller paramedic, er òg velkomne til å søkje. Legg då ved semesterbekrefting til søknaden.

Eigenskapar

Du er positiv, trygg og likar å snakke med folk. Du trivst med eit høgt arbeidstempo, og er fleksibel om det skjer endringar.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer, meiningsfylte arbeidsoppgåver og ei unik erfaring.

Lønn etter avtale.

Opplæring blir gitt. Vi rekrutterer fortløpande.

Send søknad

Ver vennleg å fylle ut søknadsskjemaet, og send inn til oss

Vi søkjer aktive eller pensjonerte legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, medisinske sekretærar, farmasøytar eller anna autorisert helsepersonell. Studentar er òg velkomne til å søkje.Vi søkjer aktive eller pensjonerte legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, medisinske sekretærar, farmasøytar eller anna autorisert helsepersonell. Studentar er òg velkomne til å søkje.


Felt merka med * må fyllast ut

For spørsmål og meir informasjon, ta kontakt med assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale, tlf. 99 48 63 67 eller vaksinekoordinator Nina Norheim Oen, tlf. 924 95 401.

Til toppen