Koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Dersom du er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, treng du ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon.
Nokre kommunar ber innbyggarane om å sette seg på venteliste for vaksine - dette er ikkje nødvendig i Bjørnafjorden kommune.

Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.
 

Alle vil få SMS med tilbod om vaksine og informasjon om timebestilling veka før vaksinasjon. Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. Berre dei som har fått tilbod skal bestille time.

På Folkehelseinstituttet sine sider kan du sjå kor mange dosar Bjørnafjorden og alle andre norske kommunar får frå veke til veke. 
NB! Oversikta oppgir berre talet på hetteglas kvar kommune får - ikkje kor mange av desse som vil gå til 1. og 2. dose, og kor mange som får tilbod i vår kommune frå veke til veke. Den jobben er det kommuneoverlegen og vaksinekoordinatoren som står for - frå veke til veke.

Vaksinasjon skjer i prioritert rekkefølgje, i samsvar med regjeringa og FHI sine råd. 
Talet på kor mange vaksinedosar Bjørnafjorden kommune får, varierer frå veke til veke. Kommuneoverlegen får informasjon om talet på kort varsel. Det er difor ikkje mogleg å gi nøyaktig tidspunkt for når kvar enkelt framtidig prioriteringsgruppe vil få tilbod om vaksine. Sjå FHI sitt estimat for når ulike prioriteringsgrupper vil få vaksine.

Alle som har fått tilbod, men som ikkje har bestilt time, blir oppringte.

Vaksinasjon vil skje i "Gamle" Oshallen på Kuventræ (sjå kart) og ved Eikelandsosen legekontor på Fjord'n senter (sjå kart)

Kva skjer?

Veke 27-33

Veke 26

Ofte stilte spørsmål om koronavaksinasjon

Kor mange dosar vaksine mottar kommunen kvar veke?

Folkehelseinstituttet fordeler vaksinedosar fortløpande etter kor mange Noreg får frå vaksineprodusentane, og deretter etter kor mange innbyggarar i risikogruppene kvar enkelt kommune har. Du kan lese meir om dette her. Talet på vaksinedosar Bjørnafjorden kommune får frå Folkehelseinstituttet varierer frå veke til veke.

Kva skjer med vaksinedosen om nokon ikkje møter opp?

Nokre kommunar ber innbyggarar som kan vere tilgjengelege på 30 minutts varsel om å registrere seg på ei liste, slik at dei kan bli kalla inn dersom andre ikkje skulle møte opp til timen sin.
Vi har ikkje ei slik "reserveliste" i Bjørnafjorden. Før kvar vaksinasjonsdag blir dei neste på lista spurde om dei kan vere standby.

Kven kan få koronavaksine?

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste av oss og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 
I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som blir anbefalt å ta koronavaksine.
I påvente av tilstrekkeleg mengde vaksinedosar, har regjeringa gitt følgjande prioritering, basert på råd frå Folkehelseinstituttet: 
Kven kan få koronavaksine? Sjå førebels prioritert rekkefølgje på FHI.no

Må eg ta kontakt med nokon for å få vaksinen?

Nei. Du som er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon. Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.
Du vil få SMS med tilbod om vaksinasjon og vidare instruksjonar for korleis du bestiller time.

Unntak:

  • Dersom du ikkje er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune, men oppheld deg her, må du ta kontakt med oss for å få vaksine på vaksinetelefonen 91 35 86 49 når det er tid for di prioriteringsgruppe. Sjå prioritert rekkefølgje frå FHI her. Du kan òg velje å vente til du får tilbod frå kommunen du er folkeregistrert i.

 

 

Kor skjer vaksinasjonen?

Det vil bli massevaksinasjon på to stader i kommunen:

  • Os-sida: "Gamle" Oshallen på Kuventræ. Sjå kart.
  • Fusa-sida: Ved Eikelandsosen legenkontor på Fjord'n senter. Sjå kart. 

Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader vil bli vaksinerte der dei bur. 

Kva kostar vaksinasjonen?

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Når får eg vaksinen?

Her ser du Folkehelseinstituttet sitt estimat for når dei ulike prioriteringsgruppene kan få vaksinen.
NB: Framdrifta er avhengig av godkjenning av nye vaksinar, kor mange vaksinedosar vi får og øvrig kapasitet. Tidspunkt i scenarioet kan difor endre seg.

Kvifor går det så sakte?

Det går sakte fordi tilgangen på koronavaksine førebels er avgrensa. Kvar kommune får tildelt eit avgrensa tal på vaksinar kvar veke, basert på kor mange vaksinedosar vi til ei kvar tid får til Noreg. 

Vi vaksinerer så mange vi har vaksine til, og i den prioriteringsrekkefølgja regjeringa og helsemyndigheitene har bestemt.

Det er sett inn store ressursar for å utvikle gode vaksinar mot det nye koronaviruset, og det er fleire vaksinar under utvikling. Nokre av desse er komne så langt at dei har blitt godkjent av legemiddelmyndigheitene i Europa og Noreg: Comirnaty frå BioNTech og Pfizer og koronavaksinen frå Moderna.

Sjølv om legemiddelmyndigheitene i Europa og Noreg legg til rette for rask utvikling og godkjenning av koronavaksinar, skal dei strenge krava til kvalitet, effekt og sikkerheit framleis oppfyllast. Ein vaksine blir berre godkjent dersom nytten er vurdert som langt større enn risikoen.

Les meir om utvikling og godkjenning av koronavaksinar

Eg har fastlege i ein annan kommune - kva gjer eg?

Du som er folkeregistrert i Bjørnafjorden kommune vil få tilbod om koronavaksine når det er din tur, sjølv om du har fastlege i ein annan kommune.

I nokre kommunar gir fastlegane tilbod om koronavaksine til listepasientane sine, i prioritert rekkefølgje. Du vel sjølv om du vil ta vaksinen når du får tilbod frå fastlegen din eller når du får tilbod frå Bjørnafjorden kommune. 

Eg bur i Bjørnafjorden, men er folkeregistrert i ein annan kommune - kva gjer eg?

Dersom du oppheld deg i Bjørnafjorden kommune, kan du få vaksinen her når det er din tur, sjølv om du er folkeregistrert i ein annan kommune. Kontakt oss i så fall på vaksinetelefonen 91 35 86 49 

Eg har fastlege i Bjørnafjorden, men er folkeregistrert i ein annan kommune - kva gjer eg?

Har du fastlege i Bjørnafjorden kommune, men er busett i ein annan kommune?

Er du over 65 år? Eller mellom 18 og 64 år utan risikodiagnose?
Då kan du få vaksinen på massevaksinasjonsstader i Bjørnafjorden, men du vil ikkje motta SMS med tilbod frå oss. Dersom du ønskjer å ta vaksinen i Bjørnafjorden, må du først ta kontakt med oss på vaksinetelefonen 91 35 86 49 når det er tid for vaksinasjon av di prioriteringsgruppe. Du kan òg velje å vente til du får tilbod om vaksine frå heimkommunen din.

Les meir om covid-19 og risikodiagnosar på FHI sine nettsider.

 

Når begynner fastlegane i Bjørnafjorden kommune å vaksinere personar i risikogruppene?

Personar mellom 18 og 64 år med risikodiagnosar vil få tilbod om vaksinasjon på massevaksinasjonsstad frå fastlegen sin. Dette skjer frå mars månad og fram mot sommaren.

Sjå også:

Meir informasjon om koronavaksine på Folkehelseinstituttet si temaside

Brosjyrar:

Koronavaksine på 1-2-3

Om vaksine mot koronavirus - Comirnaty frå BioNTech og Pfizer (ulike språk - in different launguages)

Til toppen