Tid og stad for koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

NB! Siste dag for massevaksinasjon i Bjørnafjorden kommune er onsdag 29. september. Etter dette vil legekontora overta oppgåva med vaksinasjon av eigne pasientar.

Første vaksinedose

For første vaksinedose kan du komme på drop-in ved ein av vaksinasjonsstasjonane i opningstida eller bestille time på førehand.

Bestill time for koronavaksinasjon
Du kan òg bestille time for vaksinasjon ved å ringe telefon 913 58 649 (måndag til fredag kl. 8.30-11.45/12.30-15)

Andre vaksinedose

For andre vaksinedose, får du førebels tilsendt eit tidspunkt på SMS.

Slik endrar du time

Dersom timen ikkje passar, må du ringe vaksinetelefonen på 913 58 649  så snart som mogleg.

Du kan lese meir om koronavaksinen på Folkehelseinstituttet sine nettsider

Til toppen