Om koronavaksine i Bjørnafjorden kommune

Klikk for stort bilete FHI Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar. Bjørnafjorden kommune starta opp vaksinasjon i starten av januar 2021. 
Informasjon om arbeidet vil bli løpande oppdatert. 
Personar i målgruppene vil få SMS eller automatisk talemelding med tilbod om vaksinasjon og vidare instruksjonar. Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. 

Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon. Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden.

Framdrift for koronavaksinasjon i Bjørnafjorden kommune

Vaksinasjon starta 7. januar 2021. Først ut var bebuarane ved Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS). 12. januar starta vi opp med vaksinasjon av helsepersonell.

Veke 4

  • Oppstart 2. dose for bebuarar ved Luranetunet og FBBS.
  • 27. januar: Oppstart av vaksinasjon for dei eldste innbyggarane våre (over 90 år) som ikkje bur på sjukeheim. Alle vil få SMS med tilbod om vaksine og informasjon om timebestilling på nett eller telefon i løpet av veke 3. Alle som ikkje har bestilt time innan veke 3, blir oppringte. Vaksinasjon vil skje i Oshallen og Eikelandsosen helsestasjon på Fjord'n senter.

Målgrupper: Førebels prioritert rekkefølgje

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste av oss og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 
I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som blir anbefalt å ta koronavaksine. I påvente av tilstrekkeleg mengde vaksinedosar, har regjeringa gitt følgjande prioritering, basert på råd frå Folkehelseinstituttet: Kven kan få koronavaksine? Sjå førebels prioritert rekkefølgje på FHI.no

Tilbod og timebestilling 

Personar i målgruppene vil få SMS med tilbod om vaksinasjon og vidare instruksjonar. Du må sjølv bestille time for vaksinasjon når det er din tur. Timebestilling skjer via nett (med BankID) eller per telefon. 

Du treng ikkje ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å setje deg på venteliste til vaksinasjon. Vi tar kontakt og gir tilbod til alle som er anbefalt å ta vaksinen - i tur og orden. Vaksinasjon er frivillig og gratis.

Tid og stad for vaksinasjon

Det vil bli massevaksinasjon på to stader i kommunen:

  • Os-sida: "Gamle" Oshallen på Kuventræ. Sjå kart.
  • Fusa-sida: Eikelandsosen helsestasjon på Fjord'n senter. Sjå kart. (Ved større vaksineleveransar: Fjorden arena. Sjå kart.)

Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader vil bli vaksinerte der dei bur.

Pris

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Sjå også:

Meir informasjon om koronavaksine på Folkehelseinstituttet si temaside

Brosjyrar:

Koronavaksine på 1-2-3

Om vaksine mot koronavirus - Comirnaty frå BioNTech og Pfizer (ulike språk - in different launguages)

Om vaksine mot koronavirus - COVID-19 Vaccine Moderna (ulike språk - in different languages)

Til toppen