Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Informasjon om koronaviruset

Koronaviruset (coronaviruset) dukka opp i Kina i desember 2019, og har spreidd seg til store delar av verda.
Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært spreiinga av koronaviruset som ein pandemi.  

Helsedirektoratet har sett i verk omfattande tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset og for å bidra til å oppretthalde nødvendige helse- og omsorgstjenester.
Du finn den sist oppdaterte og sikraste informasjonen om koronaviruset på 

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.

NAV Bjørnafjorden opplyser at det er vedtatt endringar i dagpengeregelverket, med verknad frå måndag 30. mars. 

I samråd med føringar frå Folkehelseinstituttet og kommuneoverlegen, er det nødvendig å oppretthalde restriksjonane ved pleie- og omsorgsinstitusjonane våre for å førebygge smitte av det nye koronaviruset. Dette betyr at det framleis er besøksforbod til Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter. Vi har òg innført nokre retningslinjer for gåver til bebuarane. Restriksjonane er førebels forlenga til 13. april.

Her er viktige telefonnummer og kontakttilbod i Bjørnafjorden kommune.

Er du isolert i heimen eller i heimekarantene, utan moglegheit til å få andre til å levere mat eller medisinar til deg eller familien din på ein trygg måte? Mange frivillige har registrert seg og er klare til å hjelpe!

    Onsdag 25. mars opnar Bjørnafjorden kommune ei særskilt legevakt for personar som har symptom på luftvegsinfeksjon.
    Dette gjer vi for å hindre eventuell smittespreiing av koronaviruset til fastlegekontor og ordinær legevakt, og for å kunne tilby rask og effektiv hjelp til personar med sjukdomen covid-19, som er forårsaka av koronavirus.

    Samstundes som vi er midt oppe i ei dramatisk krise på arbeidsmarknaden, finst det mange ledige jobbar som må fyllast. Difor ber NAV alle arbeidssøkande om å halde CVen sin oppdatert.

    Det er ei krevjande tid helsesektoren no er inne i, og det kan bli meir behov for smittevernutstyr enn det kommunen har per dags dato. Bjørnafjorden kommune oppmodar no alle næringslivsaktørar i kommunen som har smittevernutstyr til å ta kontakt.

     

    Den nye kvardagen der alle er heime kan opplevast vanskeleg for mange, og då kan det vere godt å ha nokon å snakke med.

    Det er påvist fire nye smittetilfelle av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden i dag, 23. mars.

    Det er påvist to nye tilfelle av koronaviruset covid-19 i Bjørnafjorden i dag, 21. mars. Dei smitta er ein mann og ei kvinne i 40-åra. Smittevegen er kjent, og begge har vore i isolasjon før dei fekk symptom.  
    Totalt er det no sju tilfelle av påvist koronasmitte i Bjørnafjorden kommune.

    Kontakt

    Smitteverntelefonen Bjørnafjorden kommune
    Telefon: 56 57 57 57
    Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
    Telefon: 815 55 015
    Til toppen