Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Informasjon om koronaviruset

Koronaviruset (coronaviruset) dukka opp i Kina i desember 2019, og har spreidd seg til store delar av verda.
Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært spreiinga av koronaviruset som ein pandemi.  

Helsedirektoratet har sett i verk omfattande tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset og for å bidra til å oppretthalde nødvendige helse- og omsorgstjenester.
Du finn den sist oppdaterte og sikraste informasjonen om koronaviruset på 

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter 

Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Vi informerer og set i verk tiltak i samsvar med nasjonale råd og utviklinga lokalt.

Ei kvinne i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for koronaviruset covid-19 i dag, 20. mars. Dette er det første smittetilfellet som er stadfesta på Fusa-sida. Kvinna er i 20-åra.

- Smittevegen er kjent. Det er ikkje mistanke om spreiing utanfor hushaldet, seier smittevernlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.

 

 

Det blir digitalt møte i Bjørnafjorden kommunestyre søndag 22. mars klokka 16.00-18.00.

Vi har alle fått ein annleis kvardag. Dei som vanlegvis deltar i tilrettelagte aktivitetar og/eller har støttekontakt, føler gjerne ekstra mykje på at det blir litt stille og kjedeleg.
Dei flinke folka i kultureininga som jobbar med fritidsaktivitetar for seniorar og personar med nedsett funksjonsevne, og vårt eminente bibliotek, har samla ei god liste med tips til varierte digitale aktivitetar og opplevingar.

Her er det noko for alle - vi treng jo alle litt tilrettelagt fritid om dagen.

Ei kvinne i 40-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for koronaviruset covid-19 i dag, 19. mars.
Kvinna er isolasjon i heimen og familien er i heimekarantene. Smittevegen er ukjent.

- Kvinna har gitt oss god oversikt over bevegelsesmønsteret sitt, og personane ho og familien har vore i kontakt med er varsla, seier smittevernlege i Bjørnafjorden kommune, Bjørn Petter Johannesen.

Regjeringa har sett i verk omfattande tiltak og tilpassingar av ulike regelverk for å handtere koronasituasjonen. Ei rekke av tiltaka er retta mot  arbeidstakarar og næringsliv.
Her har næringsavdelinga i Bjørnafjorden kommune samla nyttig lenker til oppdatert informasjon.  

Landbruksproduksjon er ei samfunnskritisk oppgåve, og bønder er bekymra for konsekvensane dersom dei t.d. skulle bli sjuke under lemminga.
På Landbruksdirektoratet sine sider finn du oppdatert informasjon om koronasituasjonen og landbruket, og regelverket rundt tilskot til sjukdomsavløysing ved koronasjukdom. Eventuelle endringar i retningslinjene blir òg lagt ut der. 

 

For å omdirigere helsepersonell til andre og meir presserande pleieoppgåver i kjølvatnet av koronautbrotet, gjer Heimebaserte tenester endringar i tilbodet på begge sider av fjorden.

Har du spørsmål om lokal koronatesting, karantene og smitteverntiltak? Ring smitteverntelefonen for Bjørnafjorden på telefon 56 57 57 57.

 Det blir digitalt møte i Bjørnafjorden formannskap i dag , onsdag 18. mars klokka 16. Du kan følge møtet på kommune-TV.

Foreldre slepp å betale for opphald i barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengt på grunn av koronautbrotet.

Kontakt

Smitteverntelefonen Bjørnafjorden kommune
Telefon: 56 57 57 57
Nasjonal informasjonstelefon om koronaviruset
Telefon: 815 55 015
Til toppen