Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Digitalt møte i kommunestyret søndag 22. mars

Klikk for stort bilete Os og Fusaposten Det blir digitalt møte i Bjørnafjorden kommunestyre søndag 22. mars klokka 16.00-18.00.

Dei fleste møta i folkevalde organ i Bjørnafjorden kommune er utsette eller avlyste på grunn av tiltak knytt til korona-utbrotet. På søndag skal kommunestyret ta skriftleg stilling til ei sak om å delegere mynde frå kommunestyret til formannskapet i den perioden pandemien står på.

Saka handlar om å sikre demokratiet gjennom ein politisk medverknad i den situasjonen Noreg og Bjørnafjorden kommune står oppe i no med covid-19-pandemien og dei tiltak som er gjennomført for å hindre spreiing av viruset.

Samstundes er det viktig at kommunen har politiske organ som kan ta avgjerd i saker der det er viktig å fatte vedtak for å unngå at nødvendige funksjonar i samfunnet stoppar opp. Dette kan vere byggeløyver, plansaker m.m. Kommunedirektøren forslår derfor at det kan gjennomførast elektroniske fjernmøte i formannskapet og plan- og bygningsutvalet i tida der vi ikkje kan ha ordinære møte i folkevalde organ på grunn av pandemien.

Sjå sakskartet

Dette er eit reint skriftleg møte som vil gå føre seg i tidsrommet 16.00-18-00 søndag 22. mars. Det vil ikkje vere mogleg å følge behandlinga på kommune-TV.

Førre veke kom regjeringa med ei forskrift som gjer at Bjørnafjorden kommune kan gjennomføre digitale møte sjølv om kommunestyret ikkje har vedteke at vi kan ha slike møte. Den gamle forskrifta stilte krav om at kommunestyret må vedta dette før ein kan ha slike møte, men det er ikkje mogleg å få til når møta blir avlyste.

Sjå forskrifta (PDF, 565 kB)

Til toppen