Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Gode tips til gode skjermopplevingar

Klikk for stort bileteDet er mange ting å finne på, sjølv om vi ikkje alltid kan møtast på vanleg måte for tida. LÈVA Urban design Vi har alle fått ein annleis kvardag. Dei som vanlegvis deltar i tilrettelagte aktivitetar og/eller har støttekontakt, føler gjerne ekstra mykje på at det blir litt stille og kjedeleg.
Dei flinke folka i kultureininga som jobbar med fritidsaktivitetar for seniorar og personar med nedsett funksjonsevne, og vårt eminente bibliotek, har samla ei god liste med tips til varierte digitale aktivitetar og opplevingar.

Her er det noko for alle - vi treng jo alle litt tilrettelagt fritid om dagen.

Diverse

Bøker, aviser og tidsskrift 

  • Last ned bibliotekappen BookBites. Her kan du logge inn med ditt lånarnummer og PIN-kode, og låne både bøker og lydbøker, for både barn og voksne. BookBites finnes både for iPhone/iPad og Android.
  • Hos Nasjonalbiblioteket finn du digitaliserte utgåver av bøker/aviser utgitt i Noreg frå 1450 og fram til år 2000. Til saman blir det over 500 000 bøker!
  • Project Gutenberg er eit internasjonalt samarbeid der frivillige frå heile verda digitaliserer bøker som har gått ut av copyright. Her finn du flest bøker på engelsk, blant anna svært mange klassikarar.
  • Billedbokhylla finn du eit godt utval digitaliserte biletbøker. Desse finn du også hos Nasjonalbiblioteket, men her er dei spesielt tilpassa biletboklesing.
  • Last ned appen Pressreader og få tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift på 60 forskjellige språk. 
  • Verdensbiblioteket tilbyr e-bøker og lydbøker på åtte ulike språk.
  • Aftenposten si barneavis Aftenposten Junior er nå gratis, for at barna skal få lesetrening og nyheiter på sine eigne premissar.
  • Gyldendal har opna opp sin digitale læringsressurs Salaby Barnehage for alle.
  • GAN Aschehougs digitale lettlest-bibliotek «Bokbussen» er nå tilgjengeleg gratis, i første omgang fram til 15. april.
  • Lesekroken.no Eventyr på nett på mange språk, passord: hokuspokus

Spesialutval for seniorar og andre nostalgikarar

Frå NRK sitt arkiv

Musikk

Diverse

Kontakt

Grete Byrkjeland
Telefon: 56 57 51 38
Mobil: 948 53 607
Til toppen