Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Har du det vanskeleg for tida? Ring støttetelefonen eller chat med oss

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Den nye kvardagen der alle er heime kan opplevast vanskeleg for mange, og då kan det vere godt å ha nokon å snakke med.

Har du det vanskeleg heime no? Er du engsteleg eller bekymra for situasjonen, eller slit du med einsemd og vanskelege tankar? Kanskje opplever du ekstra utfordringar som forelder i denne perioden?

Treng du nokon å snakke med?

Då kan du ringe kommunen sin støttetelefon på 906 50 885. Du kan òg chatte med oss ved å trykke på chat-symbolet på denne sida.
Opningstider for støttetelefon og chat er kl. 9-15, måndag til fredag.
Vi kan hjelpe deg med råd og rettleiing, eller berre vere ein å snakke med om det du uroar deg for. Både barn, ungdom, vaksne og eldre kan ringe til oss. 

Du kan òg ringe kontaktpersonen din

Hugs at tilsette i Bjørnafjorden kommune er på jobb sjølv om kontora er stengte.
Har du allereie kontakt med nokon i PPT, barneverntenesta, helsestasjon eller skulehelseteneste, kommunepsykolog eller psykisk helse, kan du fortsatt ringe til kontaktpersonen din.
Tilsette i barnehage og skule er òg tilgjengelege for barn, ungdommar og foreldre.
Barneverntenesta kan du ringe både dag og kveld.

Har du spørsmål om korona, smitte eller testing? Då kan du ringe smitteverntelefonen 56 57 57 57 eller sende e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no 

Til toppen