Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Koronavirus: 20. mars: Nytt tilfelle av koronasmitte i Bjørnafjorden

Klikk for stort bileteEi kvinne i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for koronaviruset covid-19 i dag, 20. mars. Dette er det første smittetilfellet som er stadfesta på Fusa-sida. Kvinna er i 20-åra.

- Smittevegen er kjent. Det er ikkje mistanke om spreiing utanfor hushaldet, seier smittevernlege i Bjørnafjorden kommune, Klaus Melf.

 

 

Etter retningslinjer frå nasjonale helsemyndigheiter testar vi no ikkje alle som mistenker smitte, berre personar som tilhøyrer risikogrupper eller utvalde yrkesgrupper. Du kan lese meir om dette her.

Totalt er det no fem tilfelle av påvist koronasmitte i Bjørnafjorden kommune. I tillegg til dette tilfellet, testa éin person positivt 11. mars, to personar 14. mars og ein 19. mars.

Til toppen