Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Treng du hjelp til å handle mat eller medisinar?

Klikk for stort bileteEr du isolert i heimen eller i heimekarantene, utan moglegheit til å få andre til å levere mat eller medisinar til deg eller familien din på ein trygg måte? Mange frivillige har registrert seg og er klare til å hjelpe!

    Bjørnafjorden kommune koordinerer frivillig innsats i gruppa Koronahjelp i Bjørnafjorden. Her kan du melde inn kva du treng hjelp til.  

    Du kan òg ringe kommunen for praktisk hjelp til småoppdrag som for eksempel handling: 

    • Os-sida: Telefon 916 72 910
    • Fusa-sida: Telefon 56 58 01 14
    Til toppen