Busetting av flyktningar

Bjørnafjorden kommune tar i mot flyktningar på oppmoding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) og Statsforvaltaren. Kommunestyret vedtok 31. mars å ta imot 170 flyktningar i 2022.

I samband med dette vil kommunen trenge bustadar for å ta imot flyktningar raskt.

Har du husvære å tilby kommunen?

Skriv til post@bjornafjorden.kommune.no. Merk meldinga med Sak 22/1858.

Kor mange flyktningar skal Bjørnfjorden kommune ta imot?

Kommunestyret vedtok 31. mars å ta imot 170, etter ny oppmoding frå IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet). Les saka om Busetting av flyktningar i Bjørnafjorden kommune som følgje av krigen i Ukraina

Til toppen