Søk om mellombels alternativ mottaksplass
UDI har ei eiga søknadsordning for ukrainarar som ønskjer eit mellombels alternativ til plass i asylmottak eller akuttinnkvartering.
Les meir om ordninga her
Du kan søkje viss du har fått ein stad å bu av ein privatperson, ein organisasjon eller ein kommune innan denne ordninga.
Det er to skjema du kan bruke for å søkje om mellombels alternativ mottaksplass:
- Har du funne bustad sjølv, og ikkje gjennom avtale med kommunen? Bruk vanleg skjema
- Har du funne bustad gjennom kommunen? Bruk hurtigprosedyreskjema
Kommunen signerer saman med deg inne i skjemaet. Derfor er det viktig at du berre brukar dette skjemaet etter avtale med kommunen. For meir informasjon, ta kontakt på ukr@bjornafjorden.kommune.no
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 05.04.2022 11:48