God handhygiene er godt smittevern

Klikk for stort bileteVi er midt i sesonginfluensaen. I tillegg høyrer vi mykje om det nye koronaviruset frå Kina i media. Dei same råda som gjeld for førebygging av vanleg sesonginfluensa, gjeld òg for førebygging av koronaviruset.

Her er nokre enkle, men viktige tilrådde smitteverntiltak

Bruk papirlommetørkle framfor munn og nase for å beskytta andre, dersom du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etter bruk, og vask deretter hendene.

Bruk olbogekroken (albuekroken) når du må hosta og nysa, og ikkje har papirlommetørkle tilgjengeleg.

Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.

Handdesinfeksjon med alkoholhaldige middel er eit godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, til dømes på reise.

Har du spørsmål om koronaviruset?

Koronaviruset (coronaviruset) som dukka opp i Kina i desember 2019, er no kome til Europa, og det er påvist tilfelle også i Noreg. 

Du finn meir informasjon om koronaviruset på

Sjå elles eige menypunkt her på heimesida med informasjon om koronaviruset.

Bjørnafjorden kommune følgjer råda frå nasjonale myndigheiter. Helsefagleg leiing i kommunen og kommunal kriseleiing følgjer helsesituasjonen hos oss tett. Dei vil koma med meir informasjon og setja i verk nye tiltak i samsvar med nasjonale råd og utvikliga lokalt.

 

Kontakt

Klaus Melf
Leder
Telefon: 489 50 032
Mobil: 489 50 032
Til toppen