Bjørnafjorden Asvo

Bjørnafjorden Asvo er ei verksemd med arbeidsplassar som er særskild tilrettelagde for yrkeshemma.

Bjørnafjorden Asvo driv med tilrettelagt arbeid innan tiltak Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) og Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS). Dei tilbyr og kartlegging av arbeidsevne.

Totalt jobbar det omlag 60 personar i verksemda til ei kvar tid. Dei tilbyr arbeid innan trearbeid, overflatebehandling, pakking, montering, kantine, snekkerarbeid og diverse industriproduksjon.

Asvo jobbar tett med det lokale næringslivet i Bjørnafjorden og kan tilby utplassering i lokale bedrifter etter individuelle behov.

Kontaktinformasjon

Kva kan Bjørnafjorden Asvo tilby deg?

  1. Varig tilrettelagt arbeid (VTA)
    For deg som mottar uføretrygd og treng tilrettelagt arbeid
     
  2. Arbeidsførebuande trening (AFT)
    For deg som treng å få avklart arbeidsevna di gjennom tilrettelagt arbeid. Målet er ordinært arbeid.

Slik søkjer du om tilbod frå Bjørnafjorden Asvo

Ta kontakt med NAV, eller fyll ut dette skjemaet og send det til NAV Bjørnafjorden, Brugata 36, 5200 Os

Til toppen