Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Adopsjon

Når du adopterer eit barn, tar du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore det biologiske barnet ditt. Rettsforholdet til den opphavlege familien til barnet opphøyrer.

Adopsjonsprosessen er mellom anna avhengig av om du kjenner barnet på førehand eller ikkje.

Dei fleste adopsjonar som blir gjennomførte, er adopsjon av eit ukjent barn frå utlandet. Organisasjonane som formidlar barn med tanke på adopsjon, gir råd om val av land. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir send ut av landet, kan søkarane også vere registrerte som adoptivsøkar til eit ukjent barn innanlands.

Mange ulike situasjonar kan føre til eit ønske om adopsjon av eit kjent barn innanlands. Eit barn kan bli adoptert av stefaren, stemora eller fosterforeldra.

    Kriterium for å adoptere barn

    • Adopsjonen skal vere til beste for barnet.
    • Adoptivsøkarane må ha god helse både fysisk og psykisk.
    • Det blir lagt vekt på trygg og stabil økonomi.
    • Dei som søker om adopsjon saman, må har vore gifte med kvarandre i minimum to år. 
    • Generelt gir det barn større tryggleik å ha to foreldre enn éin. Einslege søkarar må bli vurderte til å ha spesielle ressursar når det gjeld barn.
    • Til vanleg blir det ikkje gitt godkjenning til søkarar over 45 år
    • Ved adopsjon av eit kjent barn, må det ha utvikla seg eit foreldre-barn-forhold over ei viss tid
    • Norske styresmakter krev at adopsjon av barn frå utlandet må skje gjennom ein av desse adopsjonsorganisasjonane: Adopsjonsforum, InorAdopt eller Verdens barn.  Kontakt organisasjonane direkte for meir informasjon og medlemskap.

    Slik søkjer du om adopsjon

    • Søknad om adopsjon av eit ukjent barn i Noreg eller utanlands: Send til Bjørnafjorden kommune, barneverntenesta, postboks 84, 5202 Os
    • Søknad om adopsjon av fosterbarn: Send til barneverntenesta i den kommunen som har omsorg for barnet.
    • Søknad om stebarnsadopsjon: Send direkte til Barne-, ungdoms- og familieetaten sitt regionkontor

    Sjå oversikt over aktuelle søknadsskjema på Bufdir sine nettsider.

    • Søknadsskjemaet inneheld ei oversikt over kva dokument som skal følge søknaden.
    • Dokument som er utarbeidde med formålet adopsjon, skal sendast i original versjon.
    • Andre vedlegg kan sendast som kopi dersom kopien er stadfesta av offentleg tenestemann eller advokat.
    • Stadfesting frå ein av adopsjonsorganisasjonane om at dei har tatt på seg å formidla adopsjon, er eitt av vedlegga som skal følgja søknaden

    Kva skjer vidare med søknaden?

    Kommunen undersøker søkarar som ønskjer å adoptere eit norsk eller utanlandsk barn, og gir si tilråding. Deretter blir søknaden med kommunen si tilråding sendt til regionkontoret i Bufetat. Regionkontoret er det statlege, regionale adopsjonsmyndet som gjer vedtak i dei fleste adopsjonssaker. Ei eventuell klage skal òg sendast via Barne-, ungdoms- og familieetaten sitt regionkontor innan tre veker frå eit eventuelt avslag er mottatt. Dersom regionkontoret gir deg medhald, vil vedtaket bli omgjort. Viss ikkje, sender regionkontoret klagen din vidare til behandling i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

    Treng du råd og rettleiing om søknadsprosessen? Ta kontakt for meir informasjon

    • Bjørnafjorden kommune v/barneverntenesta, postboks 84, 5202 Os
      Leiar: Linda Hevrøy, telefon: 56 57 53 27/97 15 69 89
      E-post: postmottakbarnevern@os-ho.kommune.no
    • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Fagleg utval for adopsjonssaker, tlf. 466 15 000/e-post: post@bufdir.no

     

    Til toppen