Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Foreldrerettleiing

Å vere foreldre betyr små og store utfordringar. Ønskjer du hjelp og råd? Vi er mange i kommunen som tilbyr hjelp til foreldre og barn.

Helsestasjon for barn og ungdom

Les meir om tilbodet, ring oss på 56 57 51 64 eller kom innom.

Skulehelsetenesta

Les meir om tilbodet

Helsestasjonspsykologen

  • Støttesamtalar med gravide, nybakte foreldre og foreldre i livskriser.
  • Støttesamtalar i samband med fødselsdepresjon.
  • Rettleiing til foreldre, om til dømes søvn, mat og grensesetjing

Ring 56 57 52 39 (8-15) eller send e-post til lks@bjornafjorden.kommune.no for å avtale time.

Kommunepsykolog for barn og unge

  • Samtalar og oppfølging av barn og foreldre, fyrst og fremst barn i skulealder.
  • Samarbeid med skule, barnevern, helsesøster, PPT og andre ved behov.
  • Kan hjelpa med kartlegging og eventuelt visa vidare ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager.

Ring 56 57 50 00 (8-15) eller send e-post til psykolog@bjornafjorden.kommune.no for å avtale time.

Familieteamet

Råd og støtte for foreldre og barn med ulike utfordringar. Les meir om tilbodet

Hjelp for barn og unge med avhengigheitsproblem

Ressursteamet Tidleg innsats førebygger avhengigheit av rus eller speling hos unge mellom 14 og 25 år.

Barneverntenesta

Les meir om tilbodet 

Målet for barneverntenesta si rettleiing er å gjere foreldre betre rusta til å hjelpe barna sine i ulike fasar. Tilbodet er retta mot barn under 18 år og deira foreldre.

  • Rådgiving for foreldre som er bekymra for eit barn si utvikling.
  • Råd og rettleiing i foreldrerolla etter vedtak om hjelpetiltak.
  • Samarbeid med skule, familierådgivingskontor, barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP) og andre. Barneverntenesta rådgir òg andre faginstansar ved bekymring for eit barn.
  • Rådgiving for foreldre i samband med støttekontakt og besøksheim.
  • Hjelp til sjølvhjelp.

Ring 901 82 850 (8-15) eller send e-post til postmottakbarnevern@bjornafjorden.kommune.no
Ikkje ver redd for ta kontakt med oss ved små eller store bekymringar. 

Kveld/natt og helg: Bjørnafjorden kommune har avtale med Barnevernsvakta i Bergen utanom vanleg kontortid. Ring 55 36 11 80.

Til toppen