Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Bli tilsynsperson i barnevernet

Å vere tilsynsperson betyr at du skal vere barnet/ungdomen sin tillitsperson, og kontrollere at barn som bur i fosterheim eller beredskapsheim har det bra.

Ein tilsynsperson besøker barnet/ungdomen minimum 4 gonger i året, og skal skrive rapport etter kvart tilsyn. Tilsynspersonen blir lønna etter faste satsar og får dekt utgifter til køyring til og frå tilsynet.

Les Bufdir sin rettleiar for tilsyn med barn i fosterheim.

Er du interessert? Ta kontakt med Bjørg Eide på telefon 916 72 909 / 56 57 51 03

Til toppen