Er du bekymra for at eit barn er utsett for vald eller seksuelle overgrep? Usikker på om du skal melde frå?

Ta kontakt med konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Bjørnafjorden kommune. Dette er eit lågterskel-tilbod, og ikkje det same som bekymringsmelding. Teamet kan gi deg råd om kva du bør gjere, kva for instansar det eventuelt er rett å kontakte og om du bør melde om bekymringa di til barneverntenesta.

Kva er konsultasjonsteamet?

Konsultasjonsteamet er ei tverrfagleg gruppe, sett saman av kommunepsykolog, kommuneoverlege, helsesjukepleiar, SLT-koordinator, representant for Meistringsteamet og koordinator frå barneverntenesta. Teamet har fast møte ein gong i månaden, og elles ved behov. 
Konsultasjonsteamet gir også råd og rettleiing der barn blir utsette for overgrep frå andre barn.

Teamet skal ikkje gripe inn i eller overta ansvaret i saker, men gi råd om kva for instansar som kan hjelpe deg vidare. Teamet kan òg gi råd om korleis du kan samtale med det aktuelle barnet og familien. Alle saker blir drøfta anonymt.

Kven kan ta kontakt med konsultasjonsteamet?

Alle som er bekymra for at barn og unge kan vere utsette for seksuelle overgrep eller vald, anten det er gjennom jobben din eller som privatperson. 

Slik går du fram

Ta kontakt med konsultasjonsteamet på e-post eller telefon. 

Kontakt

Konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Bjørnafjorden
Mobil: 984 99 710
Til toppen