Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Er du bekymra for at eit barn er utsett for vald eller seksuelle overgrep?

Ta kontakt med konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Bjørnafjorden kommune.
Å vere utsett for eller vitne til vald og overgrep er skadeleg for barn. Ofte kan symptoma vere vanskelege å tyde. Desse sakene er kompliserte og fagleg krevjande fordi dei rører ved tabuer og kjensler. Det kan derfor vere nyttig å søke råd og rettleiing så tidleg som mogleg for å sikre at barnet får den hjelpa det treng.

Kva er konsultasjonsteamet?

Konsultasjonsteamet er ei tverrfagleg samansett gruppe. Du kan ta kontakt med gruppa når du er bekymra for eller har mistanke om seksuelle overgrep, vald eller anna mishandling mot barn.
Konsultasjonsteamet gir også råd og rettleiing der barn blir utsette for overgrep frå andre barn.

Konsultasjonsteamet har fast møte ein gong i månaden, og elles ved behov. 
Den som har meldt frå om ei bekymring, møter sjølv i teamet. Alle saker blir drøfta anonymt.
Konsultasjonsteamet skal ikkje gripe inn i eller overta ansvaret i saker. Vi kan gi råd om kva for instansar som kan hjelpe deg vidare. Teamet kan òg gje råd om korleis du kan samtale med det aktuelle barnet og familien.

    Kven kan ta kontakt med konsultasjonsteamet?

    Alle som er bekymra for at barn og unge kan vere utsette for seksuelle overgrep eller vald.

    Desse er med i konsultasjonsteamet

    • Koordinator Anne Heggland, tlf.: 984 99 710
    • Kommunepsykolog Sunniva Barman Teige, tlf.: 993 79 839
    • Kommuneoverlege Klaus Melf, tlf. 489 50 032
    • Helsesjukepleiar Anne H. Sundfjord tlf.: 911 73 771
    • Meistringsteamet, Merete Lekven tlf.: 469 53 298

     

    Kontakt

    Konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Bjørnafjorden
    Mobil: 901 82 850
    Til toppen