Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Beredskap og kriseleiing

Dersom det skjer eller kan skje ulukker eller andre alvorlege hendingar i eller i tilknytting til Os kommune, har kommunen ein beredskapsplan som gjeld heile organisasjonen. Vi har i tillegg delplanar som dekker bestemte fagområde.

Kommunal kriseleiing

Kriseleiinga kan etablerast når hendinga påverker mange innbyggjarar i kommunen, krev tiltak frå fleire kommuneområde og/eller vil føre til eit stort informasjonsbehov.

Rådmann og ordførar har ansvar og fullmakt til å etablere kriseleiinga. Ordføraren har ansvar for kontakt med publikum og media. Medlemmar i kriseleiinga er: rådmann, ordførar, kommunalsjefar og beredskapskoordinator (vakthavande brannbefal).

Kriseleiinga samlar seg vanlegvis i beredskapsbygget på Moberg. Her følger og leier dei arbeidet frå kommunen si side, i samarbeid med politi, brann, helsevesen og andre aktuelle instansar.

Os kommune har eit eige kriseteam som trer i funksjon når ei ulukke eller anna alvorleg hending rammar.

Kommuneoverlege og smittevernlege

Til toppen