Familieteamet

Har du det vanskeleg og treng nokon å snakke med? Synest du foreldrerolla er strevsam? Er du bekymra for barnet ditt si psykiske helse?

Familieteamet i Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge frå 0 til 18 år og deira føresette som strevar med ulike problemstillingar knytt til blant anna psykisk helse, trivsel, samspel, utvikling, åtferd, regulering, grensesetting og reaksjonar på vanskelege hendingar.

Kven er vi og kva gjer vi?

Familieteamet er eit team i eininga Barn, unge og familiar, og sett saman av kommunepsykologar og familierettleiarar.

Vi arbeider med vanskar som ikkje utløyser rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta og vanskar som kan avhjelpast innanfor ei lågterskelramme. Familieteamet arbeider også etter vedtak om rettleiing frå barneverntenesta.

Vi tilbyr individuelle samtalar og familierettleiing til barn, unge og deira føresette i ein tidsbestemt periode, samt grupperettleiing og kurs til føresette.

Vi samarbeider òg med andre tenester i kommunen når det er hensiktsmessig, slik at vi kan hjelpe best mogleg.

 

Kven kan ta kontakt?

Familien kan sjølv ta kontakt. Fagpersonar kan ta kontakt på vegner av ein familie, føresette eller ein ungdom (med samtykke frå føresette og/eller ungdom over 15 år).

Slik tar du kontakt med oss​​​​

For rettleiing på telefon eller innmelding til Familieteamet:

Familien kan ringe Familieteamtelefonen på telefon 94 85 28 14 (ikkje SMS). 

Telefontid er måndag og onsdag, kl. 12.15-13.15. 

Føresette, ungdommar over 15 år og eksterne fagpersonar kan ta kontakt via elektronisk innmeldingsskjema (innlogging med ID-porten). 

Er du ekstern fagperson og treng samtykkeerklæring? Last ned samtykkeerklæring 

Fagpersonar som er tilsette i Bjørnafjorden kommune kan bruke​​ innmeldingsskjema og samtykkeskjema på Innsio  

For informasjon eller beskjedar:

Ring Familiens Hus – telefon 56 57 51 00, bruk tastevalet «Barn, unge og familiar»

Telefontid: måndag – fredag kl. 08.30-15.00

Besøksadresse: Dragesetbygget i Torggata 2, 5200 Os

Kva skjer etter at du har tatt kontakt?

Familieteamet har faste møter ein gong i veka der innmeldingane vert vurdert. Familieteamet gjer ei fagleg vurdering av kva tilbod familien har behov for og kven i familien som bør delta i oppfølginga, avhengig av problemstilling, familiesituasjon og barnet/ungdommen sin alder.

Dersom det blir bestemt at familien/ungdommen skal få vidare oppfølging frå Familieteamet, vert innmeldinga fordelt til kommunepsykolog / familierettleiar. Føresette/ungdommen får uansett tilbakemelding frå Familieteamet om kva som skjer vidare.

Første gong vi møtes, utforskar vi problemstillinga saman. Vi tar utgangspunkt i det som familien eller den enkelte opplever som vanskeleg, og legg saman ein plan for det vidare arbeidet.

Sjå også:

Til toppen