Foreldrerettleiing

Å vere foreldre inneber små og store utfordringar. Ønskjer du hjelp og råd? Vi er mange i kommunen som tilbyr hjelp til foreldre/føresette og barn/ungdom.

Helsestasjon for barn og ungdom

Ring oss på telefon 56 57 51 64 eller kom innom (måndag til fredag kl. 8–15).

Her finn du oss:

  • Osøyro helsestasjon: 1. etasje i Bjørnafjorden rådhus, Torggata 7, 5200 Os
  • Eikelandsosen helsestasjon: 2. etasje i nye Fjord'n Senter, Leiro 25, 5640 Eikelandsosen

Les meir om tilbodet

Skulehelsetenesta

Alle skulane i Bjørnafjorden kommune har skulehelseteneste med helsesjukepleiar kor du kan få råd og rettleiing. 
Les meir om tilbodet

Familieteamet

Gratis lågterskeltilbod til barn og unge 0-18 år og deira familiar som strevar med ulike problemstillingar knytt til psykisk helse, trivsel, samspel, utvikling eller reaksjonar på vanskelege hendingar. Familieteamet består av kommunepsykologar og familierettleiarar. 
Les meir om tilbodet

Hjelp for barn og unge ved avhengigheitsproblematikk

Ressursteamet Tidleg innsats førebygger avhengigheit av rus eller speling hos unge mellom 14 og 25 år.

Barneverntenesta

Målet for barneverntenesta si rettleiing er å gjere foreldre betre rusta til å hjelpe barna sine i ulike fasar. Tilbodet er retta mot barn opp til 18 år og deira foreldre.

  • Rådgiving for foreldre som er bekymra for eit barn si utvikling.
  • Råd og rettleiing i foreldrerolla etter vedtak om hjelpetiltak.
  • Samarbeid med skule, familierådgivingskontor, barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP) og andre. Barneverntenesta rådgir òg andre faginstansar ved bekymring for eit barn.
  • Rådgiving for foreldre i samband med støttekontakt og besøksheim.
  • Hjelp til sjølvhjelp.

Ikkje ver redd for ta kontakt med oss ved små eller store bekymringar. 

Måndag-fredag kl. 8–15.30: Ring barneverntenesta på telefon 901 82 850 eller send e-post

Kveld/natt og helg: Bjørnafjorden kommune har avtale med Barnevernvakten i Bergen kommune utanom vanleg kontortid. Ring Barnevernvakten i Bergen på telefon 55 36 11 80.

Les meir om tilbodet 

PPT: Pedagogisk-psykologisk teneste

Spesialundervisning, spesialpedagogisk hjelp og logoped. 
Les meir om tilbodet

Kurs for foreldre

Emosjonsfokusert ferdigheitstrening for foreldre (EFST)

Til toppen