Kurs for foreldre i emosjonsfokusert ferdigheitstrening - vårens datoar

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Synest du - som alle andre foreldre - at foreldrerolla kan vere slitsam? Har du lyst til å bli meir bevisst på kjensler i foreldrerolla di?

Bjørnafjorden kommune held med jamne mellomrom 2-dagarskurs i emosjonsfokusert ferdigheitstrening for foreldre (EFST). 

Når er neste kurs?

  • Alternativ 1:
    Torsdag 23. og fredag 24. mars 2023, kl. 8.30-15.30 (registrering frå kl. 8.30, kursstart kl. 8.45 begge dagane).
    Stad: Vognhallen, Mobergsbakken 9, 5200 Os. Sjå kart
  • Alternativ 2:
    Torsdag 27. og fredag 28. april 2023, kl. 8.30-15.30 (registrering frå kl. 8.30, kursstart kl. 8.45 begge dagane).
     
    Stad: Ung Arena, Oshaugen 2, 5200 Os. Sjå kart

(Ferje frå Venjaneset kl. 8.05 og retur frå Hatvik kl. 15.50).

Om kurset

Å vere foreldre er ei utfordrande oppgåve! Det er ein stor jobb å skulle handtere eit barn sine kjensler, samstundes som ein handterer sine eigne.
Alle foreldre gjer så godt dei kan. Likevel kan foreldre og barn komme inn i vanskelege samspelsmønster eller oppleve utfordringar som tærer på energi og livskvalitet.

Barn kan bli sinte, stille, engstelege, deprimerte, utagerande, skamfulle eller på ulike vis utfordre grensene foreldre ønskjer å sette. Foreldre kan igjen bli sinte, fortvila, bekymra for framtida, føle avsky overfor barnet sin oppførsel eller bli overdrive ettergivande eller strenge.
Vi kan bli dårlege utgåver av oss sjølve og mislike oss sjølve som foreldre.

Uansett kva for utfordringar familien din har, kan det gjerast noko med. Vi veit at alle foreldre vil, og vi trur alle kan!

Kurset er opplevingsbasert, med ei blanding av teori, øving i emosjonsfokusert ferdigheitstrening og tid til eigenrefleksjon.

Les meir: Kva er emosjonsfokusert ferdigheitstrening for foreldre (EFST)?

  • Kurset er gratis og blir halde av tilsette i Bjørnafjorden kommune med opplæring i emosjonsfokusert ferdigheitstrening (EFST).
  • Det blir severt kaffi og te om morgonen og til lunsj. Ta med matpakke!

Kven passar kurset for?

Dette er eit kurs for deg som vil bli betre til å:

  • forstå, møte og hjelpe barnet ditt når det opplever vanskelege kjensler.
  • sette grenser for barnet ditt på ein sunn og fleksibel måte.
  • reparere relasjonen mellom deg og barnet ditt når ting har gått gale, og seie unnskyld når du har gjort noko dumt eller feil som barnet ditt har fått vondt av.
  • bli bevisst på korleis dine eigne kjensler påverkar deg i foreldrerolla, og korleis dei kan stå i vegen for at du får gjort det beste for barnet ditt.

Kurset eignar seg for alle foreldre med barn i alle aldrar (også vaksne barn!)

Slik melder du deg på

Meld deg på her
Du må delta på begge kursdagane for å kunne melde deg på.

Til toppen