Foreldreførebuande kurs

Dette kurset er eit tilbod til førstegongsforeldre som ønskjer å førebu seg på fødsel, amming, barseltid og foreldrerolla.

  • Dersom det er få påmeldte, kan det bli endring i kursdatoar.
  • Det er plass til 20 deltakarar på kurset, og du/de vil få tilbod om det kurset som passar i samband med termindato.
  • Dersom du/de ikkje skulle få plass på kurset, vil du/de få tilbod om amme- og fødselsførebuande samtale med jordmor på Osøyro nærjordmorsenter.

Sjå kursdatoar og kursinnhald for 2023
 

Kven passar kurset for?

Alle førstegongsfødande rundt svangerskapsveke 30.

Pris

Kr 200,- Lett servering.

Stad

Ammeførebuande kurs (første kurskveld) er på Osøyro nærjordmorsenter, resten av kurset går føre seg i Dragesetbygget i Os sentrum, 3. etasje (inngang mellom Lysthuset og Tiny Trolls).

For meir informasjon og påmelding

Ring 56 57 51 64/56 57 50 00 eller send e-post 

Bindande påmelding.