Er du gravid? Då kan du få tidleg samtale, svangerskapskontroll og individuelt tilpassa oppfølging på Osøyro nærjordmorsenter eller Eikelandsosen nærjordmorsenter.
Her finn du oss
- Osøyro nærjordmorsenter, 2. etasje i Bjørnafjorden rådhus, inngang B på Osøyro.
- Eikelandsosen nærjordmorsenter, Eikelandsosen helsesenter, 2. etasje på Fjord'n senter.
Slik bestiller du time hos jordmor
Bjørnafjorden kommune har fire jordmødrer. Du vil få tildelt time hos den som har ledig kapasitet. Jordmor i Eikelandsosen vil vere til stades på nærjordmorsenteret på tysdagar frå 10. januar 2023.
Under ferieavvikling, vil all svangerskapsoppfølging skje frå Osøyro nærjordmorsenter.
- For å bestille, bytte eller avbestille time, ring 56 57 51 64/56 57 50 00
- For å bestille time til første konsultasjon hos jordmor kan du òg sende e-post
- Oppgi berre namn, adresse, telefonnummer, termindato og om du treng tolk, så tar vi kontakt med deg. Vi vil òg gjerne vite om du er første- eller fleirgongsfødande. Ikkje oppgi annan sensitiv informasjon, det tar vi når vi møtest.
Elektronisk innskriving i fødejournal
Ved innkalling til rutineultralyd i veke 18 vil du få innkallingsbrev på helsenorge.no med informasjon og lenke til innskrivingsskjema. Fyll ut og send inn skjemaet via helsenorge.no i god tid før rutineultralyd i veke 18.
Sjå også
Nyttig informasjon på Gravid - helsenorge.no
Sist endra 18.10.2022 11:02