TryggleikssjukepleiarTryggleikssjukepleiar er ein erfaren sjukepleiar som kan gi råd, rettleiing og informasjon om helsefremjande og førebyggande tiltak.Målet er å skape tryggleik og trivsel, og styrke meistring av kvardagen, slik at du kan bu i eigen heim så lenge som mogeleg.Kven er tilbodet til?Alle over 77 år som ikkje allereie mottek tenester frå pleie- og omsorgstenesta i kommunen. Kva kan vi tilby?Tryggleikssjukepleiar tar kontakt per brev med tilbod om eit førebyggande og helsefremjande heimebesøk av ein erfaren sjukepleiar.Samtalen kan dreie seg om, til dømes: Korleis du opplever kvardagen Trivsel, nettverk og nærmiljø Fysisk aktivitet og kva aktivitetar som er viktige for deg Kosthald og ernæring Bustaden din, og om du er trygg i heimen Informasjon om kommunale tilbod og andre tenester Det du elles måtte ønskje å snakke omDu kan óg få hjelp til å fylle ut eventuelle søknader. Tryggleikssjukepleiar har teieplikt.Vi arrangerer seniortreff for 77-åringar to gonger i året (mars og oktober).Korleis går eg fram for å få hjelp? Du eller dine pårørande kan ta direkte kontakt med tryggleikssjukepleiar på telefon eller e-post. Du treng ingen søknad eller tilvisingPrisTilbodet er frivillig og utan kostnad. Sist endra 16.09.2020 09.58