Tverrfagleg drøftingsteam

Familiens hus har som mål å sette barn, unge og familiar i sentrum og å få til eit betre tverrfagleg samarbeid. For å få dette til er ein avhengig av at fleire samarbeider om å gje rett hjelp til rett tid. Nokre gongar kan det vere behov for å drøfte saker på tvers av sektorar, einingar og andre hjelpeinstansar.

Familiens hus har difor etablert eit tverrfagleg drøftingsteam der heile «laget kring barnet/familien» kan møtast og samordna den hjelpa barnet, ungdommen eller familien treng. Laget kring barnet/familien omfattar alle tilsette som arbeider med familien.

Drøftinga skal alltid skje etter samtykke frå føresette og ungdom over 15 år.

Når ei sak vert meldt inn til tverrfagleg drøftingsteam vert det gjort ei vurdering av kven som skal delta i møtet. Outlook-kalender vert nytta for innkalling. Møtet skjer som hovudregel utan at ungdom og foreldre er til stade. Referat frå møtet vert sendt til innmeldar i etterkant. Innmeldar har ansvar for å informere føresette, og evt. barn/ungdom, om resultatet av drøftinga.

 

Det tverrfaglege drøftingsteamet består av:

  • Leiar Familiens hus
  • Leiar Førebyggande helseteneste
  • Leiar og avdelingsleiarar Barn, unge og familiar
  • Leiar Barneverntenesta
  • Kommunepsykolog
  • Familierettleiar
  • Laget kring barnet/familien: andre tilsette som arbeider med barnet/familien eller er aktuelle hjelpeinstansar kan delta i drøftinga.

Dei faste deltakarane i tverrfagleg drøftingsteam har møte kvar torsdag kl. 12.00 – 14.00 i Dragesetbygget. Ein gong per månad deltar også representantar frå Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).

Kven kan ta kontakt med tverrfagleg drøftingsteam?

Alle fagpersonar som arbeider med barn/unge og deira familiar i Bjørnafjorden kommune. Føresette kan ikkje sjølv melde inn sak til tverrfagleg drøftingsteam.

Korleis kome i kontakt med tverrfagleg drøftingsteam?

For tilsette i Bjørnafjorden kommune, bruk innmeldingsskjema og samtykkeskjema på Innsio

For fagpersonar som ikkje er tilsett i Bjørnafjorden kommune, bruk digitalt innmeldingsskjema

Ved behov, kan denne samtykkeerklæringa (DOCX, 73 kB) nyttast.

 

­­­