Det gode samspel - musikkstund for barn og foreldre

Alle førstegongsfødande i Bjørnafjorden kommune får tilbod om Det gode samspel – musikkgrupper med foreldre og barn, der vi syng, dansar og leikar med barna. 

Musikk er språket vi alle uttrykker oss på, før vi lærer å snakka. Vi bruker ansiktsuttrykk og lydar for å gjera oss forstått. Musikken, songen og dansen hjelper oss til å ta vare på dette språket, som kommunikasjonsmiddel mellom oss sjølve og barna våre.

Det gode samspel

Tid: Åtte torsdagar kl. 12.15–13.15 (inkludert lunsjpause)
Stad: Vargasalen, Oseana kunst- og kulturhus
Pris: 300 kroner
Musikkpedagog: June Strønen Halhjem
Helsesjukepleiar: Gro Brudvik
Fysioterapeut: Kristin Lande

Påmelding

Alle førstegongsfødande i Bjørnafjorden kommune får tilbod om Det gode samspel når barnet er om lag tre til fire månader. Tilbodet kjem i posten, med svarfrist for påmelding. 

Er du førstegongsfødande, men har ikkje fått informasjon om tilbodet? Ta kontakt med oss på helsestasjonen.

Sjå også: Fusa sokn har tilbod om babysong i Eikelandsosen bedehus.

Er du ikkje førstegongsfødande, men har lyst til å vere med på musikkstund for barn og vaksne? Bjørnafjorden kulturskule tilbyr "Musikk frå første stund" (0-3) og musikkbarnehage (3-6 år).

Til toppen